Hekketida er i gang – ta omsyn til sjøfuglane!

to måser ser rett på fotografen
Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/ Tore Larsen.

I april startar sjøfuglane førebuingane til årets hekkesesong, og forbodet mot å gå i land i sjøfuglreservata langs kysten tar til å gjelde igjen. Men omsyn til hekkande fuglar bør ein ta både i og utanfor verna område.

Publisert 23.04.2024

Sjøfuglreservata er oppretta for å gi sjøfuglane fred i hekketida ved dei viktigaste hekkeplassane i fylket. Og det trengst, for det står dårleg til med sjøfuglane i heile Noreg. Nedturen begynte like etter årtusenskiftet, då ein oppdaga at hekkeplassane stod tome rundt heile Nordsjøen, og berre næringsmangel i stor skala kunne forklare noko slikt. Det er no litt over 20 år sidan den store kollapsen, og sjølv om situasjonen betra seg litt i nokre år etterpå, er den generelle trenden no ein vedvarande nedgang for alle artar. I Hordaland har fleire sjøfuglreservat stått tome i fleire år, mens det i Sogn og Fjordane framleis er hekkande fuglar i dei fleste av dei.

imaget3jg8.png

Figuren over viser talet på hekkande par av sjøfuglar i Sogn og Fjordane frå 1980-talet til 2020. År med tellingar i sjøfuglreservata er markerte. Lundefuglen er ikkje tatt med her, både fordi den utgjer halvparten av alle sjøfuglane i fylket og fordi den har hatt ein litt jamnare nedgang enn dei andre sjøfuglane:

image2t2mo.png

Uansett er det snakk om store endringar. Mens sjøfuglane før årtusenskiftet laga liv og røre på det meste av skjer, holmar, øyer og fuglefjell på Vestlandet, er det no berre rundt 20% igjen av hekkebestandane. Om ikkje sjøfuglane klarer å få fram fleire ungar til vaksen alder vil nedgangen halde fram. Men dette føreset at det blir meir mat å finne, og det er langt frå sikkert.

Kollapsen for sjøfuglane i Nordsjøen skjedde på ei tid da fleire viktige element i økosystemet var under sterkt press. Overfiske og endringar av gyteområde har ført til at småfisk og yngel ikkje lenger kjem drivande nordover med kyststraumen på same måte som før, og havet blir varmare. Det siste kan kanskje vise seg å bli det alvorlegaste problemet, for dei små krepsdyra som er hovudnæringa for fiskeyngelen er følsame for temperatur og trekk nordover når det blir varmare. Fisken kan til ein viss grad følgje etter, men det kan ikkje fuglane, som må ha reira sine på land…

For kvart år blir det derfor viktigare og viktigare at sjøfuglane får vere i fred i hekketida, både i og utanfor verna område, slik at i alle fall nokre av dei kan få fram ungar. Verken egg eller små ungar kan regulere temperaturen sjølv, og er avhengige av at foreldra er til stades og vaktar og varmar dei. Går du på land på ein holme med hekkande fuglar ein kjølig eller regnfull dag, vil alt av egg og ungar stryke med etter 15-20 minutt. Men også på varme dagar kan ilandstiging føre til stor skade, for då stryk egg og ungar med av varmen dersom foreldra blir jaga unna og ikkje kan skugge for dei.

Måsar på hustak

I desse dagar førebur fiskemåsane årets hekkesesong ved å leite opp eigna reirplassar, og i mange tilfelle vil dette vere på hustak i tettbygde strøk. Eigentleg skulle dei ha hekka i koloniar på holmar og skjer, der dei finn vern mot egg- og ungerøvarar i det å vere mange til å forsvare hekkeplassen. Men etter kvart som talet på fiskemåsar har blitt mindre og mindre, har det felles forsvaret gradvis blitt for lite effektivt. Løysinga har blitt å søke mot område der det er få av dei naturlege fiendane, og slik er det gjerne der menneska bur.


Fiskemåse på reir. I Vestland fylke hekkar det truleg nesten like mange fiskemåsar på hus- og industritak som på holmar og skjer. Dei siste åra har også den litt større gråmåsen begynt å bygge reir på hustak. Begge artane er raudllista i Noreg, i kategorien "sårbar". Foto Tore Larsen 

For mange av oss er det triveleg å oppleve naturen på nært hald, mens andre ikkje ser sjarmen med naboar som startar dagen med alt anna enn mjukt fløytespel utanfor soveromsvindauget klokka seks om morgonen. Om du ikkje ønsker slike naboar på taket, må du hindre dei i å slå seg ned der før reirbygginga tar til. For etterpå, så snart bygginga er i gang, er det for seint. Da er reiret og fuglane verna mot «unødig skade og lidelse på viltlevende dyr og deres reir, bo eller hi», som det står i naturmangfaldlova § 15. Ei trøyst kan vere at etter den første, noko støyande innleiinga til familielivet begynner ein stille periode på tre-fire veker under ruginga. Mot slutten av rugetida, når foreldra kan høyre ungane pipe inne i egga, flaumar derimot foreldreinstinktet over, og alt og alle innanfor nokre titals meter frå reiret blir vurdert som akutte trugsmål som må jagast vekk.

Kor lenge denne perioden varer, avheng av kor lett det er for ungane å kome seg ned frå hustaket og til ein trygg stad ved sjøkanten. På eit høgt industritak må dei kanskje bli til dei lærer å fly, mens andre har enklare tilgang til bakken. Foreldra vil uansett verne dei så godt dei kan, og det kan verke skummelt når ein måse kjem susande bakfrå og skrik i øyret ditt på en halv meters avstand. Trøysta får vere at det blir med skrekken, for nærare kjem dei ikkje. Og om du vil ha dei lenger unna, er det berre å vifte med handa over hovudet. Da bryt dei av angrepet på lang avstand.

Krykkja – snart borte frå Vestlandet?

Krykkja liknar på fiskemåsen, men har svarte bein og ulikt alle andre måsar plasserer den reiret i bratte fjellveggar i staden for på flate bakken. Den hekkar i store koloniar i fuglefjella ytst på kysten – eller hekka, rettare sagt. I dag står alle dei gamle koloniane tomme, for talet på krykkjer er no så lite at alle har flytta til byen. Mens det for 25 år sidan hekka 2500 par berre i Sogn og Fjordane, består heile den norske Nordsjøbestanden i dag av om lag 30 par ved Skudeneshavn i Rogaland, 20-30 par i Leikanger på Stad, og kanskje rundt 50 par i Måløy.

Fordi krykkja har den same stemmeprakta som fiskemåsen, og i tillegg strør meir om seg med måseskit frå dei vertikalt plasserte reira på husveggar og andre bergveggsubstitutt, er det ikkje alle som er like glade i dei heller. Ei stund såg det ut til at kombinasjonen av å hindre krykkjene i å hekke der dei ikkje var ønskte, og tilrettelegging for dei i ei fjellskjering på Måløyna, hadde samla alle krykkjene i Måløy der ute. Men dessverre blei det for mye aktivitet i nærområdet da vegvesenet skulle pusse opp Måløybrua, slik at krykkjene stadig blei skremde ut i samla flokk. Da sat ramn og kråke klåre til å forsyne seg av egg og ungar, og etter nokre år med null ungeproduksjon gav krykkjene opp og spreidde seg tilbake til bygningar i Måløy og området rundt Ulvesundet.

Krykkjer i bergvegg i Måløy
På det meste var det 105 krykkjereir i fjellskjeringa på Måløyna. Både naturlege og kunstige "fjellhyller" blei tatt i bruk for å få plass til alle. Foto Tore Larsen

Krykkja er i dag raudlista som sterkt truga. Dersom arten skal overleve, må alle dei attverande para få gjennomføre hekkinga uforstyrra kvart år framover. Så får vi berre håpe at havet ein dag blir fullt av sjøfuglmat igjen, slik at fuglane kan flytte tilbake ut på holmar og i fuglefjell der dei helst vil vere. Eller for krykkjene i Måløy sin del, i alle fall ut på Måløyna.