Almesjuke på Vestlandet - unngå å bidra til spreiinga

eit tre langs fjorden i vinterlandskap
Levande almetre er levestad for eit stort tal andre organismar, som lav, mose, sopp og insekt. Døyr trea, går det dermed ut over mange andre artar i tillegg. Alm er også lokalkultur, og tørka lauv var tidlegare viktig dyrefôr på Vestlandet. Foto: Tore Larsen.

Fyrar du med almeved? Unngå i så fall å transportere ved til andre stader enn der den blei hogd! Almesjuke er no påvist fleire stader i Sogn, eit av kjerneområda for alm i Noreg. Det er viktig at kommunar og enkeltpersonar veit kva ein kan gjere for å avgrense spreiinga av sjukdomen. 

Publisert 22.01.2026

Almesjuka som har utrydda store delar av almeskogen i Europa skuldast ein mikroskopisk sopp (ein sekksporesopp, Ophiostoma nova-ulmi). Soppen kan spreie seg mellom nabotre dersom dei har rotkontakt, men i luft kan den ikkje spreie seg utan hjelp frå ei lita bille, almesplintboraren Scolytus laevis. Dette er ei lita barkebille som legg egg i svekka eller daude almetre på forsommaren. 

ein liten bille
Bilete av almesplintboraren, ei lita bille på 3-4 mm som spreier almesjuka. Foto: Udo Schmidt.

Billelarvane overvintrar, og flyg ut som vaksne biller når temperaturen kjem over 20 grader, oftast i slutten av mai og litt inn i juni. Dersom dei har utvikla seg i ei alm som har vore infisert av almesjukesoppen, får dei med seg dei klebrige soppsporane. Billene er små og flyg ikkje særleg langt, og almesjuke spreier seg derfor ganske langsamt. Spreiinga av almesjuke til nye, friske tre skjer ved at billene slår seg ned i trekruna og gnagar i borken på unge greinskot, ofte høgt oppe i treet.

Når biller med soppsporar på kroppen gneg seg inn i greinene, kjem soppsporane i kontakt med treet sitt transportsystem for vatn, ytst i veden. Treet reagerer på soppen ved å tette igjen sitt eige åresystem, og når vasstransporten stoppar heilt opp vil greinene visne og døy. Over nokre få år vil tilstanden spreie seg i heile treet, som døyr.

Når eit almetre er svekka, og i 2-3 år etter at det er daudt (inntil det er heilt uttorka), er treet eigna som levestad for egg og larvar av almesplintboraren, og ein ny syklus kan starte opp.

Symptom på almesjuke

Fordi almetreet sin forsvarsreaksjon fører til at vasstransporten til greinene stoppar opp, viser almesjuke seg gjerne heilt i starten ved at blad gulnar litt utpå sommaren, før dei blir brune og krøllar seg saman. Etter kvart vil større og større delar av trekruna visne. Tilstoppinga av åresystemet er ofte lett synleg på tverrsnitt av greinene, som ein brei, mørk årrring like innanfor borken.

ein grein som er kutta på tvers med ein svart ring inni
Ein god indikasjon på almesjuke er den mørke ringen som synast på tverrsnitt av kvistar og greiner. Foto: UPPO.

Almesjuka si spreiing i Noreg

Almesjukesoppen blei først påvist i Noreg i 1963, i Oslo. Dette var ei mild form som sidan ser ut til å ha blitt erstatta av ein meir aggressiv variant, noko som har ført til raskare sjukdomsutvikling enn tidlegare. Den aggressive varianten blomstra opp på 1980-talet og spreidde seg rundt Oslofjorden. I 1996 og 2005 blei sjukdomen påvist i Kristiansand, og i 1997 i Bergen, men begge desse utbrota blei stoppa fordi ein var raskt ute med å fjerne dei smitta trea. Men i 2020 blei det gjort nye funn ved Risør og Arendal, og seinare på ny ved Kristiansand. Med tanke på at sjukdomen frå naturen si side spreier seg ganske sakte, var det overraskande at almesjuka i fjor blei påvist også i Sogn. Ikkje minst var det uventa at sjukdomen er funne i heile fem kommunar (Sogndal, Luster, Lærdal, Aurland og Vik).

Det er nesten utenkeleg at sjukdomen kan ha klart å spreie seg til Sogn på naturleg måte, så den har nok fått hjelp av menneske gjennom transport av infisert trevyrke. Den vide utbreiinga i Sogn tyder også på at sjukdomen sannsynlegvis har vore hos oss i lenger tid, men at den har gått «under radaren» på grunn av dei mange almetrea hjorten har tatt livet av ved å spise bork, og som allereie i årevis har stått overalt i lauvskogane våre.

hjort gnager på trestammer
Den unaturleg store hjortebestanden på Vestlandet har tatt livet av tusenvis av almetre ved å gnage borken av dei, og det står derfor allereie mange daude og svekka tre hos oss. Foto: Tore Larsen.

Tiltak - dra nytte av almesjukesoppen sin livssyklus for å bekjempe spreiing

Svekka og daude almetre fungerer som spreiingssenter for almesjukesoppen, fordi dei er «klekkeri» for almesplintboraren som spreier sjukdomen frå tre til tre. Dette er grunnen til at sjukdomen blir bekjempa ved å felle og fjerne smitta tre.

  • Hald auge med almetrea i juni. Det første synlege symptomet er oftast daude, gule og etter kvart brune, samankrølla blad ytst på enkelte greiner i trekruna. Ved tidleg mistanke om smitte, der angrepet er avgrensa til dei ytre delane av nokre greiner, kan ein berge treet ved å fjerne heile den angripne greina. Heile greina må etterpå brennast eller flishoggast, eller senkast i vatn. Dersom gule eller brune, krøllete blad og visnande greiner er synlege i den nedre delen av trekruna, kan det bety at sjukdomen allereie er i trestammen. Det vil i så fall ikkje hjelpe å fjerne greinene.
  • Felling og fjerning av sjuke tre. Der det er mogleg, bør sjuke almetre fellast og fjernast heilt, t.d. ved å brennast eller flishoggast. Almetre er verdifullt trevyrke, men ein må ALDRI felle sjuke eller daude almetre og late stamme eller greiner bli liggande med borken på. Det er i borken larvane til almesplintboraren lever, og dei lev like godt i borken på trevyrke som er kappa opp til ved eller materialar. Skal ein behalde almeved, MÅ borken vere 100% fjerna, og alle borkrestar må brennast eller flishoggast. Eit alternativ til å fjerne borken kan vere å legge treet under vatn i minst eitt år. Har treet vore daudt i meir enn tre år, treng det ikkje fellast eller fjernast.
  • Flytt ikkje på almeved! Almeved med bork eller spor av bork må ALDRI transporterast ut av område der det er sannsynleg at det finst almesjuke. Reiser ein t.d. heim for å hogge ved, og får med seg vedkubbar av alm med bork på, vil ein bidra til å spreie sjukdomen. Det er sannsynleg at almesjuka kan ha kome til Sogn på denne måten, og svært sannsynleg at transport av ved har bidrege til spreiinga av sjukdomen rundt i Sogn.
  • Grøfting rundt sjuke tre i alléar. Dersom eitt av trea i ein allé er smitta, mens nabotrea ser friske ut, kan ein hindre smitte via rotkontakt ved å grøfte rundt treet som skal fjernast (ca. 30 cm breitt og 120 cm djupt) for å separere røtene. Treet må ikkje fellast før grøftinga er ferdig, for å unngå at endra rottrykk under fellinga spreier soppsporane.  
  • Styvingstre: Visnande enkeltgreiner vil bli synlege allereie tre veker etter at billa har smitta treet. Hald auge med trea så ofte som mogleg utover forsommaren. Fordi styvingstre gjerne har korte greiner som fort kan bli infiserte i heile lengda, må ein straks kutte av alle greiner så snart det viser seg gule, visnande blad. Greinene bør brennast eller flishoggast på staden, og i alle fall ikkje flyttast meir enn nokre hundre meter før dei blir brent.
  • Unngå smitte! For å sjekke om eit tre kan vere smitta, er det enklaste å kutte ei råka grein for å sjå etter den karakteristiske ringen. Reiskap som er brukt til dette er smittefarlege, og må ALDRI brukast på nytt utan å desinfiserast, t.d. med sprit.

Informér om funn

Vi ber kommunar og enkeltpersonar følgje med i sine nærområde og registrere sjuke og daude tre på NIBIO (Norsk institutt  for bioøkonomi) si nettside www.skogskader.no. Legg helst ved bilete (t.d. av visne blad/daude greiner eller tverrsnitt av kvistar med ring) slik at forskarane kan kvalitetssikre innkomne data. Dersom almesjuke ikkje er påvist i nærområdet tidlegare, bør ein få stadfesta mistanken ved at ein prøve blir sendt til NIBIO.

to topper av alm saman
Her kan ein synleg sjå toppen av to almetre. Tretoppen til venstre er frisk og den til venstre syner at almesjuka er i ferd med å ta livet av treet. Foto: Isabella Børja/Maria Knagenhjelm.

Vaksinering

Det er utvikla ein vaksine mot almesjuke, men den fungerer berre på det ytste vekstlaget. Trea må derfor vaksinerast kvart år. Dette er arbeidskrevjande, og vaksinen er kostbar, så berre eit utval almetre kan følgjast opp med vaksine. Statsforvaltaren vil vaksinere nokre større frøtre i aktuelle naturreservat, slik at dei kan haldast i live til det verste av almesjuka sine herjingar forhåpentleg er over om nokre år. I tillegg vil det vere aktuelt å vaksinere viktige tre i kulturlandskapet og i område med gamle styvingstre. Kandidatar til vaksinering vil bli plukka ut i løpet av våren. Vaksinen må setjast i løpet av eit ganske smalt tidsvindu, og det ideelle er vaksinering når trea har kome 25 % i veg med bladutviklinga.

Framtida

Vi veit ikkje korleis utviklinga vil gå i eit område som Vestland, der det er mye alm og dermed godt grunnlag for smitte. Kanskje vil all alm utanom dei vaksinerte stryke med, slik at sjukdomen også døyr ut av seg sjølv. Eller kanskje finst det individ som kan takle sjukdomen betre, og overleve smitte slik at almesjuka etablerer seg i eit meir eller mindre stabilt tilhøve til almetrea i fylket. Det siste vil i så fall truleg ta svært lang tid.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.