Kunngjering av løyve til mudring under Gamle Nygårdsbro

Dei seks løpa under Gamle Nygårdsbro

Bergen kommune har 2. september 2022 fått løyve etter forureiningslova til mudring av inntil 300 m3 forureina sjøbotns massar under Gamle Nygårdsbro ved innløpet til Store Lungegårdsvann. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.09.2022

Det er 6 løp under gamle Nygårdsbro. Det skal mudrast i løp 2 – 5 under Gamle Nygårdsbro. Det skal ikkje mudrast eller gjerast inngrep i det farbare løpet (løp 1 nærast byen) eller i løp 6. 

Tiltaket vert utførd i forkant av planlagt etablering av rein ny sjøbotn i Store
Lungegårdsvann (2023) for å unngå rekontaminering av den nye sjøbotnen i tillegg til å betre
vannutskiftinga. Dei planlagde oppryddingstiltaka i Store Lungegårdsvann er omtala på kommunens heimeside for "Renere havn Bergen"

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummer 2022/9533.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.