Kunngjering etter forureiningslova for etablering av pumpestasjon i Hysstadvika i Stord kommune

Oversiktskart som visar lokalisering av tiltaksområde i Hysstadvika (heilstrukken raud ring).

Statsforvaltaren i Vestland gav 23. januar 2026 løyve etter forureiningslova til Stord Vatn og Avløp AS for utfylling av massar. Formålet med tiltaket er å etablere ein pumpestasjon for å leie avløpsvatnet til eit renseanlegg. 

 

Publisert 23.01.2026

Stord Vatn og Avløp AS skal oppgradere avløpsnettet i Valevegen, Hystadtre, Ekro og Rusti. Det skal etableres et sentralt sekundærrenseanlegg i Leirvikområdet. For å lede avløpsvatnet til dette renseanlegget er det behov for å etablere mindre pumpestasjoner i tilknyttede nærområder. Ny pumpestasjon for avløp skal oppføres i Hysstadvika i vannforekomsten Aslaksvika, og denne forutsetter utfylling i sjø. Fra pumpestasjon skal det legges sjøledning som skal fungere som nødoverløp til pumpestasjonen. Utfyllinga har eit volum på om lag 154 m3 over eit areal på om lag 150 m2.

Statsforvaltar har gjeve løyve etter forureiningslova med vilkår for utføring av anleggsarbeida. 

Søknad og løyve med vilkår ligg til høgre på denne sida.
Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan fire veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2025/18284.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.