Kunngjering av løyve til snødeponi -Sukkerhusbryggen i Bergen

Statsforvaltaren gav 5. november 2025 løyve etter forureiningslova til Bergen kommune for bruk av Sukkerhusbryggen til snødeponi. 

Publisert 05.11.2025

Bymiljøetaten i Bergen kommune får løyve for eit sesongbasert deponi for brøytesnø på Sukkehusbryggja i Bergen (gnr./bnr. 164/21). Arealet for snødeponiet vil vere om lag 660 m², og det vil bli fylt med snø frå sentrumsgatene i Bergen. Totalt kan snødeponiet fyllast opp med om lag 110 lastebillass med snø (12 m³ per lass). Dette tilsvarar eit snøvolum på 1 320 m³ (2 meter høgd).

Snødeponiet vil bli nytta frå desember og ut april månad. Deponiet blir teke i bruk dersom det kjem store snømengder dei komande vintersesongane. Smeltevatnet vil reinsas i etablerte sandfang på staden. 

Søknad og løyve med vilkår ligg til høgre på denne sida.
Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan fire veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2022/648.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.