Kunngjering – Nytt løyve til forureining for akvakulturanlegg i Fjaler kommune

Mowi ASA har 30.10.2020 fått mellombels utvida biomassetaket sitt i løyvet etter forureiningslova for produksjon av matfisk på lokaliteten Kyravika.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.11.2020

Verksemda skal følgje opp påverknaden av utsleppa

Vi har gjeve nytt utsleppsløyve som gjeld for 3120 tonn MTB. Fylkesmannen kunne ikkje gi utsleppsløyve til permanent utviding for 4680 tonn MTB, som opphavleg søkt om, på grunn av risiko for negativ påverknad på lokale korallførekomstar. Løyvet til forureining for utvida biomasse er gjeve mellombels for to produksjonsperiodar. Verksemda skal følgje opp påverknaden av utsleppa sine med overvaking av resipienten og rapportere resultata til oss.

Vi rår fylkeskommunen ifrå å utvide biomassetaket på lokaliteten

Fylkesmannen har handsama søknaden etter forureiningslova og vurdert han etter naturvern-, friluftsliv-, vilt-, lakse- og innlandsfiskeinteresser, og naturmangfaldlova. På grunn av konfliktar med vill anadrom fisk rår vi Vestland fylkeskommune frå å utvide biomassetaket på lokaliteten. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter Akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyve finn du til høgre på sida eller på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involver i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.