Kunngjering - Endra løyve til forureining frå settefiskanlegg i Etne kommune

Mowi ASA fekk 28. januar 2022 løyve etter forureiningslova til å auke produksjonen i settefiskanlegget i Fjæra. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.02.2022

Produksjonsutvidinga skal skje i eksisterande bygningsmasse. Det er sett krav om utsleppsreduserande tiltak (reinsing av utsleppsvatnet) og overvaking av utsleppa til Åkrafjorden.

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og vilkår, finn du til høgre på sida. Løyvet er òg kunngjort på www.norskeutslipp.no

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere endringar i vedtaket, gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.