Kunngjering – Endra løyve til forureining for oppdrettsanlegg i Høyanger kommune

Osland Havbruk AS har 15.09.2020 fått utvida biomassetaket i løyvet etter forureiningslova for produksjon av laksefisk på lokaliteten Mjølsvik.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.09.2020

Verksemda har fått løyve til forureining for ein utvida produksjon frå 3 120 tonn MTB til 4 680 tonn MTB. Fylkesmannen har handsama søknaden etter forureiningslova og vurdert han etter naturvern-, friluftsliv-, vilt-, lakse- og innlandsfiskeinteresser, og naturmangfaldlova. Løyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter Akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyve finn du til høgre på sida eller på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.