Kunngjering - mellombels løyve til bygging av Offerdal kraftverk i Årdal kommune

Offerdal kraftverk AS har 24. november 2020 fått mellombels løyve etter forureiningslova til utslepp av tunneldrivevatn i samband med bygging av Øvre - og Nedre Offerdal kraftverk. Dei har samstundes fått løyve til å fylle ut med overskotsmassar i Årdalsfjorden. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.12.2020

10. februar 2017 fekk Offerdal kraftverk AS konsesjon ved kgl. resolusjon til å bygge Øvre – og Nedre Offerdal kraftverk med tilhøyrande elektriske anlegg.

I samband med bygging av kraftverket skal det drivast to krafttunnelar. Den eine frå inntak i Ytre Offerdalselvi til Indre Offerdalselvi, og den andre frå inntak i Indre Offerdalselvi og ned til Årdalsfjorden. Overskotsmassane frå den førstnemnde tunnelen skal leggjast i landdeponi ved Skogli, medan massane frå den andre tunnelen skal fyllast ut i fjorden. 

Etter søknad har Fylkesmannen vedteke å gi Offerdal kraftverk AS mellombels løyve etter forureiningslova § 11 til utslepp av drifts- og drensvatn frå driving av tunnelane. Vi har også gitt unntak frå krava i § 32 i lova om anten å frakte massane til godkjent mottaksanlegg for næringsavfall, eller å nyttiggjere massane. Offerdal kraftverk får difor lov til å fylle ut med om lag 150 000 kubikkmeter overskotsmassar i Årdalsfjorden.

Brev med vurdering av saka og løyve med vilkår ligg på https://www.norskeutslipp.no/

Rett til å klage

Partane som er involverte i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.