Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Stad kommune

Norforsk AS har 25. februar 2022 fått løyve etter forureiningslova til etablering av akvakulturanlegg på lokaliteten Notaberget. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.03.2022

Verksemda har fått løyve til utslepp frå ein årleg produksjon på inntil 2880 tonn av blåskjel, sekkdyr, ulike typar makroalgar og sjøpølse.

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.