Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Stad kommune

Eide Fjordbruk AS har 25. januar 2022 fått løyve etter forureiningslova til å etablere eit nytt anlegg for ein årleg produksjon på inntil 900 tonn av blåskjel, sekkdyr, ulike typar makroalgar og sjøpølse på lokaliteten Torvneset.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.02.2022

Det er sett vilkår i løyvet om å vise aktsemd for sårbar natur ved fortøying av anlegget. Det er også sett vilkår om førehandskartlegging og risikobasert overvaking av lokaliteten med ROV. Dette er fordi vi ikkje har godt nok kunnskapsgrunnlag til å vere sikker på at produksjonen ikkje vil ha negativ påverknad på omkringliggande naturmangfald over tid.

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova, og vurdert han etter naturvern-, friluftslivs-, vilt-, lakse- og innlandsfiskinteresser og naturmangfaldlova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.