Kunngjering - Løyve etter forureiningslova til akvakulturanlegg i Osterøy kommune

Sjøtroll Havbruk AS har 10. mai 2022 fått nytt løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av laksefisk på lokaliteten Tepstad.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.05.2022

Løyvet gjeld for endra plassering av anlegget ved lokaliteten. Maksimal tillaten biomasse (MTB) er uendra, og er på 5 460 tonn. Det er sett vilkår om at det ikkje skal nyttast koparhaldig notimpregnering ved lokaliteten.

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova, og vurdert han etter naturvern-, friluftslivs-, vilt-, lakse- og innlandsfiskinteresser og naturmangfaldlova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.