Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Kvinnherad kommune

Eide Fjordbruk AS fekk 28. januar 2022 løyve til å etablere nytt lukka anlegg på lokaliteten Skotberget. Årleg produksjon er 2100 tonn.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.02.2022

Det nye anlegget skal vere eit lukka anlegg der det vil vere mogleg å reinse utsleppa av organisk materiale. Eit lukke anlegg inneber i praksis at anlegget har tette veggar og botn. Slik anlegg skal gje nullutslepp av lakselus. Utslepp av organisk materiale kan reduserast.

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og vilkår, finn du til høgre på sida. 

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere endringar i vedtaket, gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.