Kunngjering - Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Askvoll kommune

Nekst AS fekk 28. februar 2022 løyve etter forureiningslova til å etablere eit nytt matfiskanlegg på lokaliteten Laukelandsøyna.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.03.2022

Verksemda har fått løyve til utslepp frå ein produksjon på inntil 3120 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB) av laksefisk.

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.