Kunngjering - Endra løyve til avfallsanlegg i Bergen kommune

Arna Jordsortering AS har 16. september 2020 fått løyve etter forureiningslova til avfallsanlegg i Langedalen i Bergen kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.09.2020

Arna jordsortering AS søkte om å utvide rammene for mottak og kompostering av park- og hageavfall frå 2000 til 4000 tonn, og frå 300 til 600 tonn hestemøkk per år. Dette fekk dei løyve til. 

Brev med vurdering av saka og løyve finn du til høgre på sida eller på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.