Kunngjering - Endra løyve for Berivest AS sitt brannøvingsfelt på Sløvåg industriområde i Gulen kommune

Berivest AS fekk 6.juli 2021 løyve etter forureiningslova til drift av eit nytt brannøvingsfelt på Sløvåg industriområde i Gulen kommune. Etter søknad frå verksemda endra Statsforvaltaren 14. oktober 2021 tidsrammene for løyvet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.10.2021

Løyvet omfattar mellom anna vilkår for type og mengde brennstoff, tidsrom for øvingsaktivitet, val av sløkkemiddel og grenseverdiar for utslepp til vatn. Endringa i tidsrammer gjeld øvingsaktivitet i helger, der tidsrammene er blitt utvida i høve til tidlegare.

Brev med vurdering av saka ligg på norskeutslipp.no og til høgre på sida. 

Rett til å klage 

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar