Kunngjering - Endra løyve etter forureiningslova for Schlumberger Norge AS avd. lager Florø

Schlumberger Norge AS avd. lager Florø har 24. juni 2022 fått endra løyve etter forureiningslova. Løyvet med vilkår er oppdatert i samsvar med dagens kravsetting og i samsvar med BAT-konklusjonar for avfallsanlegg. 

Publisert 28.06.2022

Brev med vurdering av saka og løyve med vilkår ligg på www.norskeutslipp.no

Miljødirektoratet har meir informasjon om beste tilgjengeleg teknikk, Bref og BAT-konklusjonar. 

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.