Vi kontrollerer anlegg som tek i mot farleg avfall

I perioden mars til mai skal Statsforvaltaren føre tilsyn med avfallsanlegg som tek imot og mellomlagrar farleg avfall. 

Publisert 14.03.2024
mange spraybokser hulter i bulter
Sprayboksar er berre ein av ei rekke ulike typar farleg avfall avfallsanlegga tek imot. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Anlegg som tek imot og mellomlagrar farleg avfall handterer ofte store mengder avfall med farlege stoff som kan ha eit stort potensial for forureining. Statsforvaltarane har ansvaret for å følgje opp anlegg for mottak og mellomlager av farleg avfall, og kontrollere om dei følgjer forskriftskrav og løyve gitt etter forureininglova.

Målet med aksjonen er mellom anna å sikre at farleg avfall har ei forsvarleg handtering

Hensikta med årets aksjon er å kontrollere om bransjen følgjer krava i regelverket, for å redusere førekomsten av farleg avfall med ukjend disponering, og sikre at alt innsamla farleg avfall blir handtert forsvarleg og går til trygg behandling.

Det er òg aktuelt å sjekke korleis verksemdene følgjer opp risiko for brannar, og korleis dei har vurdert miljøkonsekvensane av slike hendingar om dei skulle oppstå, til dømes bruk og avrenning av slokkevatn.

Aksjonen går frå mars og ut mai

Tilsynsaksjonen, som vert leia av Miljødirektoratet, vil pågå frå byrjinga av mars til slutten av mai, og tilsyna vil i stor grad ikkje vere varsla på førehand.  Aksjonen er ei oppfølging av tidlegare aksjonar gjennomført i perioden 2004 - 2018.

Dette er ein del av Statsforvaltarens arbeid med FNs berekraftsmål

Delmål 12.4: Innan 2020 oppnå ei meir miljøvenleg forvaltning av kjemikaliar og alle former for avfall gjennom heile livssyklusen, i samsvar med internasjonalt vedtekne rammeverk, og vesentleg redusere utslepp av kjemikaliar og avfall til luft, vatn og jord for mest mogleg å avgrense skadeverknadene for folkehelsa og for miljøet

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.