Når forureining har ei naturleg forklaring

Som forureiningsmyndigheit får Statsforvaltaren meldingar om forureining som vert observert i fylket. Nokon av tilfella er det naturen sjølv som er opphavet til. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.03.2023
Flyfoto som syner gult pollen på vassoverflata i Osterfjorden i Alver kommune. Pollenet ligg tjukt inn mot vasskanten og ut i sjøen.
Flyfoto frå norgeibilder.no viser pollen på vassoverflata i Osterfjorden i Alver kommune 3. juni 2018. Foto: norgeibilder.no.

Pollen og algar kan sjå ut som feitt

Våren er like om hjørnet og allergikarar førebur seg. I Noreg strekk pollensesongen seg frå februar til august, litt avhengig av temperatur og andre meteorologiske forhold. Pollen frå ulike blomar og treslag kan kome i så store mengder at det blir synleg både i lufta og på vassoverflata.

Mest tydeleg er pollen frå furu, som blir spreidd i store mengder mot slutten av mai og tidleg juni. Einskilde år kan mengdene vere så store at det blir danna store, samanhengande gule lag på vassoverflata, både sjø og ferskvatn. Pollenet blandar seg med store mikroskopiske algar og kan kjennast sleipt når ein tar på det. Det er lett å få assosiasjonar til feitt.

Ei svart kajakkåre like over vassoverflata, der overflata har synlege partiklar. Vatnet er mørt og partiklane lagar ei marmorering på overflata.
Grå partiklar på vassoverflata på ein aude plass i Bjørnafjorden der berre naturen rår. Det er mogleg at nokre av partiklane er soppsporer. Foto tatt 20. september 2022. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Sjøvatn inneheld rester frå nedbryting av mikroorganismar

Heile året blir små partiklar transportert med vinden for til sist å hamne på vassoverflata. Dette gjeld ikkje berre gult pollen, men òg pollen av ulike fargar, ulike små støvpartiklar og sporar frå sopp. På stille dagar legg dette seg på overflata.

Sjøvatn er ikkje berre vatn, men inneheld òg restar frå nedbryting av daude algar og mikroorganismar. Mykje er protein, men det kan òg vere restar av feitt. Alt blandar seg til ein graut som flyt på overflata heilt til vind og bølgjer bryt det ned og blandar det inn i vassmassane, før det heile søkk til botn.

Nokon enkle sjekkpunkt

Det er bra at det vert meldt ifrå om forureining. Men, det er ikkje alt som er forureining, sjølv om det kan sjå slik ut ved første augnekast.

Når du ser noko som du meiner kan vere forureining, kan du vurdere eit par enkle sjekkpunkt. Om det du ser kan sjåast både på sjø og på ferskvatn, kan du vere rimeleg trygg på at det ikkje er forureining. Om det du ser finst «over alt» er det òg truleg at det har ei naturleg forklaring. Er du i tvil, send ei melding til Statsforvaltaren, gjerne med bilete.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Nokon enkle sjekkpunkt for å vurdere om forureininga har ei naturleg forklaring

  • Er det pollensesong?
  • Kan det observerast på sjø og på ferskvatn?
  • Er det både på land og i vatn?

Er svaret ja på eit eller fleire av desse spørsmåla, ta ein ekstra runde på om det du ser kan ha ei naturleg forklaring.