Andre årsrapport frå overvakingsprogrammet i Florø er klar

Foto: Oversiktskart over vassførekomstane ved Florø. Kartet er henta frå rapporten.

Miljøovervakinga i Florø-området viser stabile forhold i 2024 sett opp mot 2023. Nivået av næringssalt er låge, men oksygennivåa varierer mellom områda.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.03.2025

STIM AS har på oppdrag frå Statsforvaltaren i Vestland gjennomført ei resipientundersøking av fjordområda rundt Florø. Undersøkinga omfattar 12 vassførekomstar, inkludert Hellefjorden, Botnafjorden, Norddalsfjorden, Skorpefjorden, Rekstafjorden og Florevika Gaddevågen. Overvakinga starta i 2023 og fortset i 2025, der hovedfokuset er på vasskvalitet gjennom målingar av næringssalter, hydrografiske forhold, siktedjup og klorofyll a.

Oppsummering

Resultata frå 2024 er i stor grad identiske med resultata frå 2023, noko som indikerar stabile miljøforhold i vassførekomstane rundt Florø. Oksygennivåa varierar mellom områda, der enkelte fjordar har lågare verdiar, særleg i vintermånadane. Nivåa av næringssalter er låge, og klorofyll a-dataene viser ei naturleg våroppblomstring av algar. Den endelege klassifiseringa av vassførekomstane vil vere fullverdig etter det tredje året med målingar i 2025.

Samanlikning av funn frå 2023 og 2024

Hydrografi og vassprøvetaking

  • Siktedjup:

    • 2023 og 2024 viste tilsvarande resultater, der dei fleste stasjonar hadde svært god (TK I) eller god (TK II) tilstand, med enkelte målinger i moderat (TK III).
  • Salinitet og temperatur:

    • Lite variasjon mellom stasjonar begge år. Enkelte stasjonar med lågare salinitet i overflata grunna ferskvasspåverknad.
  • Oksygenforhold:

    • Svært gode til gode oksygenforhold i Hellefjorden, Solheimsfjorden og Rekstafjorden begge år.
    • Nokon områder (Norddalsfjorden og Høydalsfjorden sør) hadde dårlege oksygenforhold i botnvatnet gjennom året, truleg grunna grunne tersklar.
    • Enkelte stasjonar hadde lågt oksygennivå i botnvatn i september, men gode forhold i april og januar begge år.
    • Florevika Gaddevågen viste svært varierande oksygennivåer gjennom året både i 2023 og 2024.

Næringssalter og klorofyll a

  • Næringssalter:

    • 2023 og 2024 viste begge generelt låge konsentrasjonar av næringssalter, med nivåer tilsvarande svært god tilstand (TK I).
  • Klorofyll a (fluorescensmålinger):

    • Begge år viste låge klorofyllnivåer gjennom heile overvakingsperioden, med unntak av ein auke 20. mars, som sannsynlegvis skuldast naturleg våroppblomstring av algar.

Ein del av oversikten over miljøtilstanden i kystvatn i Vestland

Undersøkingane i Florø er ein del av eit større nettverk av overvakingsprogram i Vestland som skal gi ei samanhengande og omfattande oversikt over den økologiske og kjemiske tilstanden i kystvassførekomstane. Meir informasjon om dette arbeidet, og alle rapportane, finn du i nettsaka vår om overvaking av miljøtilhøva i kystvatn.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.