Ny fisketid i Lærdalselvi

Det er vedteke endring av fisketid i eit av 33 vassdrag, og det er i Lærdalselvi. Det er Miljødirektoratet som har vedteke endringa.
Det er vedteke endring av fisketid i eit av 33 vassdrag, og det er i Lærdalselvi. Det er Miljødirektoratet som har vedteke endringa. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Eyvin Sølsnæs.

Miljødirektoratet har vedteke endra fisketid i Lærdalselvi i Lærdal kommune. Fisketidene for laks og sjøaure i resten av fylket er uendra.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.05.2022

Forskriftene for fiske i sjø og vassdrag, med blant anna fisketider, blir revidert kvart 5. år. Gjeldande forskrifter vart vedteke i 2021. I tråd med retningslinjene, kan det mellom hovudreguleringane opnast for heilt naudsynte endringar i forskriftene. 

Miljødirektoratet har vedtatt endringar i forskriftene for 33 vassdrag og to sjøregionar i Noreg. I Vestland er fisketida endra for eitt vassdrag, Lærdalselvi. Her er fisketida på sjøaure redusert med ein månad, og det er innført avgrensingar på reiskap.

Nye fiskereglar for Lærdalselvi:

Kommune Vassdrag Fisketid Spesielle reglar
Lærdal Lærdalselvi 01.07 - 31.08 Det er berre lov å fiske med fluge med flytande line eller flytande dupp. Saktesynkande fortom (synk 1) er lov. Flugene skal ha maksimal lengd på 5 cm, vere bundne på enkelt- eller dobbeltkrok, med maksimal krokstorleik 6, eller på plasttuber. Krok til tubefluger skal ha innklemte mothaker. All sjøaure mindre enn 45 cm og større enn 60 cm skal settast ut att.

Fiske 2022

Med unntak av endringa i Lærdalselvi, er fisketidene i vassdrag og sjø uendra for Vestland i 2022. Endringsforskrift for vassdrag og fiskereglar i Vestland finn du til høgre. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.