Høyring av ny fisketid i Lærdalselvi

Parti av Lærdalselvi, eit av 33 vassdrag i Noreg  der Miljødirektoratet førelår endringar av fiskereglane.
Parti av Lærdalselvi, eit av 33 vassdrag i Noreg der Miljødirektoratet førelår endringar av fiskereglane. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Eyvin Sølsnæs.

Miljødirektoratet har sendt ut eit forslag til endra fisketid i Lærdalselvi i Lærdal kommune. Frist for å komme med fråsegn er 31. mars 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.02.2022

Forskriftene for fiske i sjø og vassdrag, med blant anna fisketider, blir revidert kvart 5. år. Gjeldande forskrifter vart vedteke i 2021. I tråd med retningslinjene, kan det mellom hovudreguleringane opnast for heilt naudsynte endringar i forskriftene. 

Miljødirektoratet føreslår naudsynte endringar i 33 vassdrag og to sjøregionar i Noreg. I Vestland føreslår dei endring i Lærdalselvi som innebêr å redusere fisketida på sjøaure med ein månad, i tillegg til å innføre avgrensingar på reiskapsbruk. 

Fiskereglar i dagens forskrift:

Kommune Vassdrag Fisketid Spesielle reglar
Lærdal Lærdalselvi 01.06-31.08 All sjøaure mindre enn 45 cm og større enn 60 cm skal settast ut att.

 

Forslag til nye fiskereglar:

Kommune Vassdrag Fisketid Spesielle reglar
Lærdal Lærdalselvi Ø: 01.07-31.08 Det er berre lov å fiske med floge med flytande line eller flytande dupp. Saktesynkande fortom (synk 1) er lov. Flogene skal ha maksimal lengd på 5 cm, vere bunde på enkelt- eller dobbeltkrok, med maksimal krokstorleik 6, eller på plasttuber. Krok til tubefloge skal ha innklemte mothaker. All sjøaure mindre enn 45 cm og større enn 60 cm skal settast ut att.

 

Frist for å komme med fråsegn er 31. mars. Fråsegner skal leggast inn på nettsida til Miljødirektoratet.

Fiske 2022

Med unntak av mogleg endring i Lærdalselvi, er fisketidene i vassdrag og sjø uendra for Vestland i 2022. Gjeldande forskrifter og fisketider finn du til høgre. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.