Fangst av laks og sjøaure i 2020

Fiske i Åelva i Gloppen kommune.
Fiske i Åelva i Gloppen kommune. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

I sesongen 2020 vart det fiska totalt 42 420 kg laks og 7 364 kg sjøaure i Vestland. Av dette vart 6 129 kg tatt i sjølaksefisket i Sogn og Fjordane. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.02.2021

75 % av all laks fiska i Vestland i 2020, vart fiska i Sogn og Fjordane (8025 stk fiska i elv og sjø). Til samanlikning vart det fiska 2750 laks i Hordaland. Det er ikkje opna for sjølaksefiske i Hordaland. 

For sjøauren er fordelinga mellom dei to regionane om lag lik, med noko fleire sjøaure fiska i Hordaland (2852 stk) enn i Sogn og Fjordane (2533 stk).

Laks

Laksefiske i Vestland, elv og sjø, i perioden 1983-2020. Utsatt laks er inkludert. 2004 var siste sesong med sjølaksefiske i Hordaland. Merk òg at rømt laks er inkludert i fangstala frå elvefiske.
Laksefiske i Vestland, elv og sjø, i perioden 1983-2020. Utsatt laks er inkludert. 2004 var siste sesong med sjølaksefiske i Hordaland. Merk òg at rømt laks er inkludert i fangstala frå elvefiske. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Ein av tre laks som vart fiska i elv i Vestland 2020, vart sett ut att (3090 stk sett ut, totalt 9180 laks fiska i elv i sesongen 2020). 

Flest kilo laks vart dratt opp i Lærdalselva i Lærdal kommune, med totalt 3 574 kg laks. 70 % av laksen som vart fiska i Lærdalselva, vart sett ut att (438 laks av 620 vart gjenutsett). 

Fangst av laks i elvane i Hordaland i perioden 1972 - 2020, avliva og utsett laks. Fangsttala inkluderer rømt laks tatt i elvane i fiskesesongen. 2004 var siste år med sjølaksefiske i Hordaland, før den tid kom fangst av laks i sjøen i tillegg til elvefisket.
Fangst av laks i elvane i Hordaland i perioden 1972 - 2020, avliva og utsett laks. Fangsttala inkluderer rømt laks tatt i elvane i fiskesesongen. 2004 var siste år med sjølaksefiske i Hordaland, før den tid kom fangst av laks i sjøen i tillegg til elvefisket. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.
Fangst av laks i elvane i Sogn og Fjordane i perioden 1969 - 2020, avliva og utsett laks.  Fangsttala inkluderer rømt laks tatt i elvane i fiskesesongen. Laks tatt  i sjølaksefisket kjem i tillegg.
Fangst av laks i elvane i Sogn og Fjordane i perioden 1969 - 2020, avliva og utsett laks. Fangsttala inkluderer rømt laks tatt i elvane i fiskesesongen. Laks tatt i sjølaksefisket kjem i tillegg. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Sjøaure

Sjøaurefiske i elvar i Vestland i perioden 1972 - 2020. Gjenutsatt fisk er inkludert i figuren.
Sjøaurefiske i elvar i Vestland i perioden 1972 - 2020. Gjenutsatt fisk er inkludert i figuren. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Halvparten av sjøauren som vart fiska i vassdraga i Vestland 2020 vart sett ut att (2721 stk av 5372 stk). 

Målt i vekt var det Eidfjordvassdraget i Eidfjord kommune som fiska mest sjøaure i fylket, med totalt 931 kg. 30 % av sjøauren som vart fiska her, vart sett ut att (143 stk av 476 stk).

Fangst av sjøaure i elvar i Hordaland i perioden 1972 - 2020.
Fangst av sjøaure i elvar i Hordaland i perioden 1972 - 2020. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Ønskjer du meir data frå fisket etter laks og sjøaure i elv og sjø, finn du dette hjå Statistisk sentralbyrå

Pukkellaks

Det vart rapportert om fangst av ein pukkellaks i vassdrag i Vestland i 2020. Det har i hovudsak vore pukkellaks frå oddetalsgenerasjonane som har vore representert i Vestland. Vi ventar difor at det kan komme meir pukkellaks i år.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.