Handtering av brøytesnø

Snø som blir liggande kan innehalde forureining. Foto: Maria Knagenhjelm

Snø som blir liggande på vegar kan innehalde partiklar, mikroplast, sand, grus og avfall, tungmetall og andre miljøgifter. Deponering og dumping av slik snø kan føre til forureining og derfor krevje løyve frå Statsforvaltaren.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.03.2021

I samband med snøfalla i Bergen vinteren 2020/21, har Statsforvaltaren i Vestland motteke spørsmål frå brøyteentreprenørar om oppdaterte retningslinjer for handtering av brøytesnø og deponering på land og i sjø.

Vi har no sendt brev til dei store vegeigarane og orientert om oppdaterte retningslinjer for snøhandtering i Vestland fylke.  

Sjå brevet til høgre på sida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.