Nytt regionalt miljøprogram for Hordaland og Sogn og Fjordane

Som ein del av miljøprogrammet kan bønder søkje tilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, å ta vare på biologisk mangfald og kulturminne, og å redusere ureining. Oversikt over dei ulike tilskota i miljøprogrammet finn du her.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.06.2019

Kva er regionalt miljøprogram?

Regionalt miljøprogram for Hordaland og Sogn og Fjordane er fastsett av Fylkesmannen i samråd med fylkeslaga av Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget. Programmet skal stimulere til å oppretthalde og utvikle eit ope og variert kulturlandskap, særskilte verdiar i kulturlandskapet skal takast vare på og skjøttast, god agronomi skal fremjast, og ureining og tap av næringsstoff frå jordbruket skal reduserast. I miljøprogrammet er det definert fylgjande delmål:

1. Eit ope og velstelt kulturlandskap
2. Bratt jordbruksareal i aktiv drift
3. God utnytting av utmarksbeite og aktiv stølsdrift
4. Utvalde biologiske og kulturhistoriske verdiar i landskapet blir teke vare på og skjøtta
5. Landbruket er klimavenleg og har lite tap av næringsstoff og klimagassar til luft
6. Eit landbruk som er tilpassa eit endra klima
7. Minst mogleg tap av næringsstoff frå landbruket til vassdrag

Regionale miljøtilskot

Eitt av hovudvekemidla i miljøprogrammet er dei regionale miljøtilskota (tidlegare kalla RMP-tilskot i Hordaland og Regionalt miljøprogram i Sogn og Fjordane). Dei regionale miljøtilskota erstattar dei tidlegare fylkesvise tilskota, og søknadsinformasjon og oversikt over dei nye regionale miljøtilskota finn du under.

Kven kan søke?

Alle føretak som kan søkje produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksdrift i Hordaland eller i Sogn og Fjordane og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søkje. Beitelag som er registrerte i Einingsregisteret og som er godkjende av Fylkesmannen i Vestland, kan søkje om tilskot til Organisert beitebruk/drift av beitelag gjennom miljøprogrammet.

Korleis søke?

Søknaden kan leverast elektronisk via Altinn på heimfylket sitt søknadsskjema innan 15.oktober, og det er kommunen som handsamar og godkjenner søknaden. Søkjarar som av ulike grunnar ikkje kan levere søknaden elektronisk, kan levere papirsøknad til kommunen. Søknadsskjema, rettleiing for utfylling av elektronisk søknad og utfyllande informasjon om tilskota vert lagt ut på Fylkesmannen sine nettsider i løpet av sommaren.

Oversikt over regionale miljøtilskot for Hordaland og Sogn og Fjordane 2019

(NB! Tilskotssatsane under er førebelse, endelege tilskotssatsar vert fastsett på grunnlag av søknadsmengde)

Tilskot til drift av bratt areal:

  • Slått og hausting til fôr på full- og overflatedyrka areal med hellingsgrad frå og med 1:5 til 1:3, kr 289 per daa
  • Slått og hausting til fôr på full- og overflatedyrka areal med hellingsgrad frå og med 1:3, kr 434 per daa 
  • Produksjon for omsetning på frukt- og hagebruksareal med hellingsgrad frå og med 1:5 til 1:3, kr 867 per daa (NB! Nytt tiltak for Sogn og Fjordane og utvida tiltak for Hordaland)
  • Produksjon for omsetning på frukt- og hagebruksareal med hellingsgrad frå og med 1:3, 1301 kr per daa (NB! Nytt tiltak for Sogn og Fjordane og utvida tiltak for Hordaland)


Tilskot til drift av beitelag:

  • Tilskot for småfe på utmarksbeite i minst 5 veker, kr 20 per dyr sleppt på utmarksbeite
  • Tilskot for storfe/hest på utmarksbeite i minst 5 veker, kr 40 per dyr sleppt på utmarksbeite
    (NB! Tilskotet vert fom 2019 utmålt per dyr som er sleppt på utmarksbeite og ikkje per heimsanka dyr som tidlegare, og det er strengare krav til drifta av beitelaga enn tidlegare)


Tilskot til slått av veglause areal:

  • Slått og hausting av full- og overflatedyrka areal til fôr på veglause areal, kr 1000 per daa for inntil 30 daa per føretak
    (NB! Nytt tiltak for Sogn og Fjordane)


Tilskot til slått av slåttemark og lauveng registrert i Naturbase:

  • Slått av slåttemark og lauveng utført i samsvar med skjøtselsråd, kr 1000 per daa for inntil 40 daa per føretak
    (NB! Areala skal vere registrerte i Naturbase som slåttemark eller lauveng)


Tilskot til beiting av kystlynghei registrert i Naturbase:

  • Vinterbeiting av kystlynghei der landskapet ber preg av beiting og beitinga fremjar kystlyngheia, kr 20 per daa.
    (NB! Nytt tiltak for Sogn og Fjordane, og det er fom 2019 krav om at areala er registrerte i Naturbase som kystlynghei)


Tilskot til brenning av kystlynghei som vert beita og som er registrert i Naturbase:

  • Brenning av lokalitetane som er godkjende under tiltaket Beiting av kystlynghei i Naturbase, kr 300 per daa


Tilskot til beiting av naturbeitemark og hagemark registrert i Naturbase:

  • Beiting av naturbeitemark og hagemark i samsvar med skjøtselsråd, kr 100 per daa for inntil 70 daa per føretak
    (NB! Areala skal vere registrerte i Naturbase som naturbeitemark eller hagemark)


Tilskot til skjøtsel av styvingstre som er styva i søknadsåret:

  • Styving kr 500 per tre for inntil 70 tre per år per føretak
    (NB! Fom 2019 kan det kun gjevast tilskot for styvingstre som har blitt styva i
    søknadsåret)


Tilskot til tilrettelegging av hekke- og beiteområde for vipe, åkerrikse og storspove:

  • Tilrettelegging av hekke- og beiteområde for vipe kr 1000 per daa
  • Tilrettelegging av hekke- og beiteområde for storspove og åkerrikse kr 2000 per daa
    (NB! Nytt tiltak for begge fylka. Reirlokaliteten skal vera kartlagt og godkjent av Fylkesmannen så tidleg som mogleg i hekkesesongen og før tilrettelegging vert utført. Fylkesmannen og faglaga i jordbruket oppmodar alle føretak til å ta særskilt omsyn til desse truga fuglane hekkinga, uavhengig av om ein ynskjer å søka om tilskotet.)


Tilskot til drift av seter i minst 6 veker:

  • Tilskot til drift av seter i minst 6 veker med levering til meieri, kr 60 000 per støl
  • Tilskot til drift av seter i minst 6 veker med sal av produkt frå eigen foredling, kr 60 000 per støl
    (NB! Fom 2019 er kravet til stølsdrift auka frå minst 4 til minst 6 veker, dette er nytt for begge fylka)


Tilskot til skjøtsel av automatisk freda kulturminne:

  • Beiting av lokalitet med automatisk freda kulturminne, kr 500 per daa
  • Slått av lokalitet med automatisk freda kulturminne, kr 1000 per daa
    Det kan gjevast inntil kr 5000 per føretak til skjøtsel av automatisk freda kulturminne (beiting + slått)
    (NB! Fom 2019 vert tilskotet utmålt per daa og ikkje per stk, og det er ulike tilskotssatsar for beiting og slått. Sikringssona kring kulturminnet skal takast med i skjøtsel og i utmåling av daa.)


Tilskot til kantsone i eng utan gjødsling og sprøytemiddel ved utvalde vassdrag:

  • Kantsone i eng ved utvalde vassdrag, kr 15 per løpemeter kantsone for inntil 1000 meter per føretak. Det er krav om minimum 4 meter breidde på kantsona, der minst to meter ligg på fulldyrka eller overflatedyrka areal, og kantsona skal haustast ved slått eller beiting i søknadsåret.
    (NB! Tiltaket er nytt for Sogn og Fjordane og er utvida med nye vassdrag i Hordaland. Tiltaket gjeld kun for utvalde område, sjå kart på Fylkesatlas, temalaget "Forureining landbruk - utvalde vassdrag" under Landbruk og Regionalt miljøprogram RMP, BLÅE og RAUDE felt)
    (Lenkje direkte til temalaget )



Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel om våren og/eller i vekstsesongen ved utvalde vassdrag med elvemusling:

  • Spreiing av all husdyrgjødsel på føretaket innan 10.august, kr 180 per daa. Arealet skal haustast ved slått eller beiting etter spreiing. Det er krav om minimum 80 dekar for å kunne søke om tilskotet, men for føretak som kjem inn under tiltaket kan det løyvast tilskot frå og med første dekar. Det kan maksimalt gjevast tilskot for 250 dekar per føretak. Føretak som mottek dette tilskotet kan ikkje ved same søknadsomgang motta tilskot for nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel, og heller ikkje tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange.
    (NB! Tiltaket er nytt for Sogn og Fjordane. Tiltaket gjeld kun for utvalde område, sjå kart på Fylkesatlas, temalaget "Forureining landbruk - utvalde vassdrag" under Landbruk og Regionalt miljøprogram RMP, RAUDE felt)
    (Lenkje direkte til temalaget)



Tilskot til nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel:

  • Nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel innan 10.august, kr 50 per daa for inntil 100 dekar per føretak. Arealet skal haustast ved slått eller beiting etter spreiing, og all husdyrgjødsel på eit areal i ein vekstsesong må vere tilført med nedfelling eller nedlegging for at arealet skal ha rett på tilskot. Føretak som mottek dette tilskotet kan ikkje i same søknadsomgang gjevast tilskot til spreiing av husdyrgjødsel om våren eller i vekstsesongen.
    (NB! Tiltaket er nytt for Sogn og Fjordane)


Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange i samband med nedfelling eller nedlegging:

  • Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselslange/slepeslange, kr 250 per daa for inntil 100 daa per føretak. Tilskotet kan berre gjevast som eit tillegg til tilskot til nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel. Føretak som mottek dette tilskotet kan ikkje i same søknadsomgang gjevast tilskot til spreiing av husdyrgjødsel om våren eller i vekstsesongen.
    (NB! Tiltaket er nytt for Sogn og Fjordane)

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.