Endringar i miljøkrava i forskrift om produksjonstilskot - redusert tilskot til bønder som bryt miljøkrava

Før det vert gjennomført arbeid som endrar landskapet, må ein avklare med kommunen om det er behov for førehandsgodkjenning eller anna løyve
Før det vert gjennomført arbeid som endrar landskapet, må ein avklare med kommunen om det er behov for førehandsgodkjenning eller anna løyve Foto: SFVL Øyvind Vatshelle.

Bønder som ikkje fylgjer miljøkrava, vil no få redusert produksjonstilskotet. For å få fullt areal- og kulturlandskapstilskot er det eit vilkår at det ikkje vert gjort inngrep som forringar kulturlandskapet, og at jordbruksarealet har ei sone utan jordarbeiding mot vassdrag.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.11.2022

Hausten 2021 vart det gjort endringar i forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket § 4 tredje og fjerde ledd. Endringa gir landbruksforvaltninga i kommunen eit godt verktøy til å følgje opp miljøkrava. Brot på miljøkrava medfører no avkorting i tilskotet, ulikt frå tidlegare, då det førte til fullt avslag på areal- og kulturlandsapstilskot. Avkortinga skal vere i samsvar med kor alvorleg brotet er. Det er viktig å vere klar over kva inngrep dette gjeld og kva type vegetasjon det er krav om. Nokre tiltak som også er regulert gjennom andre regelverk enn produksjonstilskot.

1. Inngrep som forringar kulturlandskapet

Krava for å få fullt areal- og kulturlandskapstilskot (AK-tilskot) inneber at ein ikkje kan gjere inngrep som endrar jordbrukslandskapet utan at tiltaket er førehandsgodkjent av kommunen. Dette gjeld sjølv om tiltaket kan vere til nytte for landbruksdrifta, og sjølv om ein kan meine at tiltaket gjer landskapet finare.

Kva inngrep som «forringar kulturlandskapet» blir ikkje definert ut frå korleis den enkelte oppfattar kulturlandskapet, men etter rettleiinga til forskrifta. Forringing av kulturlandskapet er presisert til å omfatte tiltak som grip inn i og forandrar det særeigne jordbrukslandskapet. Kulturlandskapet omfattar både landskapsbiletet, mangfaldet i naturen og kulturhistoriske verdiar.

Døme på inngrep som krev førehandsgodkjenning etter produksjonstilskotsregelverket kan vere oppdyrking av kantar langs jordbruksareal, planering av mindre område og fjerning av steinrøyser eller delar av steingardar.

Normal skjøtsel

«Normal skjøtsel» av eigedommen vert ikkje rekna som inngrep som forringar kulturlandskapet. Døme på inngrep som ikkje krev førehandsgodkjenning kan vere regelmessig reinsking av opne grøfter og hogst av buskar og tre i god nok avstand frå vassdrag. Kommunen bør kontaktast for å få avklare om tiltaket må søkjast om.


Tiltak og vanleg drift kan krevje avklaring etter anna regelverk

Tiltak den enkelte gardbrukar ser på som "normal skjøtsel", kan vere både søknadspliktig, og ulovleg. Døme på slike tiltak er reinsking av botn i bekkar og elver, hogst langs vassdrag og tiltak for å krysse ei elv med reiskap. Sjølv om dette er nemnt i forskrifta som døme på normal skjøtsel, vil det vere avhengig av situasjonen om det treng førehandsgodkjenning og avklaring også etter anna regelverk.

Nokre inngrep regulert av andre regelverk krev og særskilt søknad. Dette gjeld til dømes nydyrking, planering av 1 dekar eller meir, sprøyting av kantvegetasjon og kanalisering og lukking av elver og bekkar.

Kommunen kan førhandsgodkjenne tiltak

Kommunen kan førehandsgodkjenne tiltak dersom anna regelverk ikkje er til hinder for det, og tiltaket «avhjelper betydelige driftsmessige ulemper». Kommunen si førehandsgodkjenning blir gjort ut frå forskrifta § 4 tredje ledd.

Ved førehandsgodkjenning må det vurderast om tiltaket fremmar føremålet med AK-tilskotet. Til dømes om arealet er veldig tungvint, eller det er umogleg å utnytte arealet og drive maskinelt. Innverknad på skogbruksdrift er også relevant å ta omsyn til.

Omfanget av tiltaket skal også vurderast. For kulturlandskapet i sårbare område med høg verdi eller i område med høge biologiske eller landskapsmessige verdiar kan sjølv små inngrep få store konsekvensar. Kvart tiltak skal vurderast for seg, og det vil difor vere ulike vurderingar i ulike situasjonar.

Avkorting

Kommunen skal avkorte tilskotet når det vert gjort inngrep som forringar kulturlandskapet på, eller i tilknyting til arealet som føretaket disponerer. Kommunen har ikkje høve til å la vere å avkorte. Normalt er avkortinga på 50 % av det totale AK-tilskotet for føretaket. Det må gjerast ei skjønnsmessig vurdering i kvar enkelt sak om avkortinga skal setjast høgare eller lågare ut frå omfang og alvor av inngrepet.

Dersom et tiltak blir vurdert til å vere eit inngrep som forringar kulturlandskapet, skal tilskotet avkortast, sjølv om inngrepet òg inneber brot på anna regelverk. Merk at det også skal avkortast ved inngrep utanfor jordbruksarealet når det er på eller i tilknyting til eit jordbruksareal som føretaket disponerer.

2. Vegetasjonssone utan jordarbeiding nær vassdrag

For å få fullt AK-tilskot er det krav om at jordbruksarealet har ei vegetasjonssone på minst to meter mot vassdrag med årssikker vassføring, målt horisontalt frå vassdragets normalvasstand. Denne vegetasjonssona kan vere varig eng og beite som blir hausta, men kan ikkje jordarbeidast. I tillegg skal vegetasjonssona ikkje sprøytast, jf. forskrift om plantevernmidler §§ 19-20.

Det skal alltid avkortast i tilskotet når vegetasjonssona er mindre enn to meter brei. Om kravet vert brote, er norma for avkorting kr 20 000, pluss kr 1 000 for kvar lengdemeter regelbrotet omfattar. Norma er eit utganspunkt for avkortingssummen, og kommunen kan skjønnsmessig justere summen med omsyn til omfang av og konsekvens av brotet.

Krav om busker og tre i anna regelverk

Krav til vegetasjonssone etter forskrift om produksjonstilskot inneber ikkje krav om at det skal vere busker og tre i kantvegetasjonen mot vassdrag. Dette er derimot regulert i vassressurslova § 11, som seier at det er forbode å fjerne eit naturleg vegetasjonsbelte med busker og tre langs vassdrag med årssikker vassføring, sjå artikkel Kantvegetasjon langs vassdrag. Ulovleg fjerning av busker og tre langs vassdrag kan medføre reaksjon etter vassressurslova, men ikkje avkorting etter forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket.

Ny § 4 i forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket vart sett i verk frå 14. oktober 2021, for å bruke den må brot på miljøkrava ha skjedd etter det tidspunktet. Produksjonstilskot og avløysartilskot er statlege tilskotsordningar som kommunen administrerer, kommunen kan difor ikkje påverke den faglege gjennomføringa av tilskotsforvaltninga med politisk skjønn. Kommunen fattar vedtak om førehandsgodkjenning og avkorting etter § 4, vedtaka kan påklagast til Statsforvaltaren.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.