Desse fekk klima- og miljømidlar i år
I årets søknadsrunde har vi prioritert klimasmart drift og reduksjon av forureining frå jordbruket. Ein million kroner vart fordelt på sju søkarar.
Statsforvaltaren forvaltar midlane i det regionale klima- og miljøprogrammet. Her kan organisasjonar, kommunar og forskingsinstitusjonar søkje om støtte til praktisk retta utgreiings- og informasjonsprosjekt som fører til ein meir miljøvenleg og klimatilpassa matproduksjon. Prosjekta skal medverke til god kunnskapsoverføring frå forsking til praktisk jordbruk og gje oppdatert rådgiving til næringa.
I år fekk vi ein million kr til det regionale programmet i Vestland. Det kom inn ni søknadar med eit samla søknadsbeløp på 2,4 millionar kroner. Av desse fekk sju søknadar tilskot i spennet mellom 200 000 og 80 00 kroner.
Desse prosjekta har fått støtte:
Prosjekt |
Søkar |
Klimaarbeid i Vestland Bondelag |
Norges Bondelag |
DNA analyser av de forvillede geitene på Kvist i Balestrand - pilotprosjekt |
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet |
Veileder for riktig bruk av bionedbrytbar plast i landbruket |
Det Kongelige Selskap for Norges Vel |
Kurs i gardsskala kvalitetskompostering |
Norsk Landbruksrådgiving SA |
Fagseminar om grovfôrdyrking, gjødsling, jord, klima, sjølvforsyning, kulturlandskap, pollinatorar |
NIBIO - Norsk institutt for bioøkonomi |
Konsekvens og moglegheiter ved ny gjødselvareforskrift i Etne kommune |
Norsk Landbruksrådgiving SA |
Auka proteininnhald i grovfôret med nye lusernesortar |
Norsk Landbruksrådgiving SA |