Utlysing av fylkesvise rentemidlar frå skogfondet

Skogdag i Baldersheim, Bjørnafjorden okt.2021 Foto: Dirk Kohlmann / SFVL.

Organisasjonar og institusjonar kan søkje om støtte frå fylkesvise rentemidlar til konkrete prosjekt og tiltak som fremjar det regionale skogbruket.

Publisert 23.10.2025

Søknadsfrist for hovudtildelinga er 15. november 2025.

Søknaden skal sendast via skjema i Altinn. Skjemaet er ope heile året, men søknader sendt etter fristen blir ikkje med i hovudtildelinga.

Kva kan du søkje rentemidlar til?

Rentemidlar frå skogfondet skal gå til tiltak som fremjar skogbruket.

Døme på slike tiltak er:

  • FoU-prosjekt
  • Informasjonstiltak - og opplæringstiltak
  • Undersøkingar
  • Fellesutgifter i samband med skogfaglege arrangement

Rentemidlane er ein avgrensa pott, og dei regionale prioriteringane våre vil òg ha betydning for kva type søknad som kan få tildelt midlar. Desse er:

• Auking av skogeigar sin kunnskap om skogbruk
• Skog for neste generasjon – tiltak knytt til forynging og skjøtsel av skog

Vi kan gje støtte til konkrete prosjekt og tiltak, ikkje til ordinær drift.

Slik søkjer du:

Fyll ut søknaden i Altinn-Fylkesvise rentemidlar frå skogfond. Søkjar må ha organisasjonsnummer og rolle som dagleg leiar eller utfyllar/innsendar.

Hugs å legge ved dokumentasjon.

Søknaden må innehalde:

  • Namn på organisasjon
  • Søknadsbeløp
  • Hovudmål, delmål og kort omtale av prosjektet
  • Målgruppe
  • Kven som skal utføre arbeidet og aktuelle samarbeidspartnarar
  • Framdriftsplan med sluttdato
  • Budsjett og kostnadsplan for dei ulike delane av prosjektet
  • Finansieringsplan, inkludert eigeninnsats, timepris og tal timar
  • Plan for rapportering
  • Plan for formidling av resultata frå prosjektet

Krav til rapportering

  • Utbetaling av støtte skjer på bakgrunn av godkjent rekneskap og sluttrapport.
  • Rekneskapen skal samsvare med budsjettet i søknaden.
  • Statsforvaltaren kan kontrollere rekneskapen og be om innsyn i bilag.
  • Dersom kostnadene i prosjektet blir lågare enn budsjettert, kan støtta bli redusert.
  • Støtta kan krevjast tilbake dersom mottakar ikkje følgjer vilkåra i tildelinga. 

Kommunale, fylkesvise eller nasjonale rentemidlar?

  • Prosjekt og føremål for det lokale skogbruket: Send søknad til kommunen.
  • Tiltak for det regionale skogbruket: Send søknad til Statsforvaltaren.
  • Nasjonale prosjekt: Send søknad til Landbruksdirektoratet.

Skogfond og rentemidlar

Skogfondsordninga og bruken av skogfondets rentemidlar er regulert i forskrift om skogfond m.m. Skogeigar er pliktig til å setje av skogfond ved alt sal av tømmer og skogsvirke. Føremålet er å sikre berekraftig forvalting av skogressursane, og at skogfondet blir brukt til langsiktige investeringar i den skogen råstoffet kjem frå.

Skogeigaren har ikkje krav på renter av inneståande skogfond på sin skogeigedom. Rentene skal kome skogbruket sitt fellesskap til gode, og blir fordelte mellom kommunar, fylke og det nasjonale nivået. Rentemidlane blir nytta til administrasjon av skogfondsordninga, informasjons- og rettleiingstiltak, og til støtte for prosjekt etter søknad.

Landbruksdirektoratet godkjenner budsjettert bruk av dei fylkesvise rentemidlane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.