Godt besøkte skogdagar i fylket

Vellukka skogkveld i Alver kommune

I haust arrangerer Skogselskapet i Sogn og Fjordane i samarbeid med kommunane og Statsforvaltaren eit mangfald av skogdagar i heile fylket. Interessa blant skogeigarar er stor og arrangementa er godt besøkte. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.09.2021

Tysdag 31.august vart det arrangert skogdag i Alver kommune og måndag 6.september ein i Stryn. Her er ein kort stemningsrapport frå Alver. 

Skogkursinstruktør Arnt Laukeland fortalde om prisar på tømmer både for vanlig gran, sitkagran og furu. Spesielt skogeigarar med forholdsvis låg kvalitet på furuskogen vart oppmuntra til å hogge, sidan det betalast særs godt for eksporttømmer av furu i desse dagar. Instruktøren stilte spørsmålet: «Kor mange dekar med granskog må ein hogge for å bli millionær?» Forsamlinga humra, og det vart konkludert med at ein med dagens prisbilete ville ha nok med 70 daa hogstmoden granskog. Skogfondsordninga vart gjennomgått med praktiske døme på vegbygging og planting. Regelverk rundt planting etter hogst vart òg diskutert.  

Oppskriving av offentlege vegar var òg eit aktuelt tema. Skogeigarane vart oppfordra å ta kontakt med kommunen om aktuelle vegstrekningar som ikkje held standard til å bere fullt tømmervogntog. Det vart spesifisert at mange fylkesvegar i Alver kommune ikkje er gode nok for effektiv tømmertransport.  Det vart òg reist spørsmål rundt bruken av trevyrke ved ei fylkesvegbygging i desse dagar, der 1500 m3 vert flisa opp, noko som ikkje kan vere klok ressursbruk.   

Statsforvaltaren Vestland var til stades og orienterte om skogbruksplanlegginga i Alver kommune. Det var nettopp blitt skrive avtale med AT Skog, og går alt etter planen kan dei starte med feltregistreringar neste år, og planane vil føreligge skogeigarar som har tinga plan i 2023.  

I alt var det ein fin kveld inne på Rydlandsvågsvegen, ein forholdsvis ny skogsbilveg bygd i 2016. Det kom mange gode innspel frå tilhøyrarane, og det vart livleg diskutert rundt mange tema. Oppmøtet var såpass godt at vi gjekk tom for pølsebrød, men det heldt akkurat med bålkaffien. 

 

Sjå heile lista over skogdagar i fylket vårt på heimesida til Skogselskapet i Sogn og Fjordane: https://skogselskapet.no/skogdagar-hausten-2021/ 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.