Tilskot til drift av seter (gjeld støl med mjølkeproduksjon)

Kyr på utmarksbeite.
Kyr på utmarksbeite. Foto: Erna Tystad, SFVL.

Det kan gjevast tilskot for drift av stølsanlegg med mjølkeproduksjon. Det vesentlege av næringstrongen til dyra skal dekkast gjennom beiting, i utmark eller på inngjerda areal, men støttefôring i tillegg til beiting kan utførast ved behov.

Publisert 16.07.2019, Sist endra 25.03.2021

Produksjonsperioden skal vere minst seks veker per støl per sesong, men det er ikkje krav om at heile mjølkeproduksjonen til føretaket skjer på stølen i denne perioden. Mjølka som blir produsert skal leverast til meieri eller foredlast på stølen. Produksjonen på stølen skal vere minimum 45 liter kumjølk eller 25 liter geitemjølk i døgnet per støl i minst seks veker. Statsforvaltaren gjer elles merksam på at Mattilsynet stiller krav om at matbedrifter er registrerte hjå dei.

Tilskotet blir utmålt per støl uavhengig av om det er enkeltstøl (eige produksjonsanlegg) eller fellesstøl (felles produksjonsanlegg).

Det kan gjevast tilskot for inntil tre stølar i drift per føretak. For at to stølar skal kunne godkjennast som to stølsanlegg og generere kvart sitt tilskot, må det vere minst seks veker stølsdrift på kvar støl der produksjonskravet er oppfylt. Dei må då ha kvart sitt driftsapparat og beiteområda til dei to stølande skal ikkje overlappe kvarandre. Dersom ein har fleire stølar må ein søke eitt tilskot per støl. I søknadsskjemaet heiter tiltaka «Drift av seter» for den første stølen, «Drift av seter 2» for den andre stølen, og «Drift av seter 3» for den tredje stølen. For kvar av stølane må ein søke på ein av tilskotsklassane «Eigen foredling» eller «Levering til meieri». Søkar må vidare oppgje kor mange deltakarar/føretak det er per støl, då kvart stølstilskot vert delt på tal føretak som oppfyller kravet til mjølkeproduksjon per støl. Ei samdrift vert rekna som eitt føretak. Kvar støl skal markerast som eitt punkt i kartet i søknaden.

Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar

Eigen foredling kr 80 000 per støl
Levering til meieri kr 80 000 per støl
(Tilskot til drift av seter i minst seks veker med eigen forelding av mjølk eller levering av mjølk til meieri).