Tilskot til drift av seter (gjeld støl med mjølkeproduksjon)
Det kan gjevast tilskot for drift av stølsanlegg med mjølkeproduksjon. Det vesentlege av næringstrongen til dyra skal dekkast gjennom beiting i utmark, på inngjerda utmarksbeite eller på innmarksbeite, men støttefôring i tillegg til beiting kan utførast ved behov.
Produksjonsperioden skal vere til saman minst fire veker per støl per sesong. Start- og sluttdato for stølsdrifta skal førast i merknadsfeltet i søknaden. Det er ikkje krav om at heile mjølkeproduksjonen til føretaket skjer på stølen i denne perioden/dei periodane det vert søkt om stølstilskot for, og perioden treng ikkje å vere samanhengande.
Mjølka som blir produsert skal leverast til meieri eller foredlast på stølen. Produksjonen på stølen skal vere minimum 45 liter kumjølk, 25 liter geitemjølk eller 15 liter sauemjølk i døgnet per støl i til saman minst fire veker. Statsforvaltaren gjer elles merksam på at Mattilsynet stiller krav om at matbedrifter er registrerte hjå dei.
Ein støl skal ha eige driftsapparat. Beiteområda som dyra nyttar i samband med stølsdrifta skal ikkje overlappe med beita som dyra ville ha nytta i samband med mjølking i hovuddriftsbygningen på føretaket. Dersom føretaket driv meir enn ein støl, skal heller ikkje beiteomrda mellom dei to stølane overlappe. Mobile mjølkestallar kan godkjennast innan stølsdrift, men ein mjølkestall kan berre generere eitt stølstilskot då den tel som eitt driftsapparat.
Nytt frå og med 2026: Det må vere minst 1 kilometer reiseavstand mellom driftsbygningen og stølen. Dersom reiseavstanden er mindre enn 1 kilometer, kan det i særskilte tilfelle søkast om dispensasjon hjå Statsforvaltaren. Dersom eit føretak driv meir enn ein støl, må det og vere minst 1 kilometer reiseveg mellom kvar støl for at eit føretak skal kunne søke om meir enn eitt stølstilskot. To ulike føretak kan derimot ha tilgrensande og overlappande beiteområde i samband med stølsdrifta og likevel kunne søke om kvart sitt stølstilskot.
Tilskotet blir utmålt per støl uavhengig av om det er enkeltstøl (eige produksjonsanlegg) eller fellesstøl (felles produksjonsanlegg).
Det kan gjevast tilskot for inntil tre stølar i drift per føretak. For at to stølar skal kunne godkjennast som to stølsanlegg og generere kvart sitt tilskot, må det vere minst fire veker stølsdrift på kvar støl der produksjonskravet er oppfylt på begge stølane. Dei må då ha kvart sitt driftsapparat, og beiteområda til dei to stølane skal ikkje overlappe med kvarandre eller med beita som ville ha blitt nytta i samband med mjølkeproduksjon ved hovuddriftsbygningen.
Dersom ein har fleire stølar, kan ein søke eitt tilskot per støl. I søknadsskjemaet er tiltaksklassane delte etter type produksjon og lengda på stølsdrifta, og tiltaka heiter «Drift av seter» for den første stølen, «Drift av seter 2» for den andre stølen, og «Drift av seter 3» for den tredje stølen. For kvar av stølane må ein søke på ein av tilskotsklassane «Eigen foredling» eller «Levering til meieri» med rett produksjonslengde for stølsdrifta. Søkar må vidare oppgje kor mange deltakarar/føretak det er per støl, då kvart stølstilskot vert delt på tal føretak som oppfyller kravet til mjølkeproduksjon per støl. Ei samdrift vert rekna som eitt føretak. Kvar støl skal markerast som eitt punkt i kartet i søknaden.
Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar
| Eigen foredling, 4 - 6 veker stølsdrift | kr 120 000 per støl |
| Levering til meieri, 4 - 6 veker stølsdrift | kr 120 000 per støl |
| Eigen foredling, minst 6 veker stølsdrift |
kr 140 000 per støl |
| Levering til meieri, minst 6 veker stølsdrift |
kr 140 000 per støl |
| (Tilskot til stølsdrift i minst fire veker med eigen forelding av mjølk eller levering av mjølk til meieri). | |
Kontaktpersonar
Søknadsinformasjon
Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.
Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til RMP