Nedgang av økologisk areal i Vestland

I Vestland vert 3% av landbruksjorda drive økologisk. Fersk statistikk viser ein svak nedgang av økologiske areal i Vestland frå 2021 til 2022, etter fleire år med auke.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.03.2023

Svak auke i vente

Ser ein fleire år bakover i tid varierte statistikken for økologiske areal i Vestland noko, medan ein ser ein svak auke dersom ein inkluderer karensareala i perioden frå 2019 til 2022, sjå figur 1. Karensareal er ei nemninga på areal som er i omstilling til økologisk drift, og vil bli godkjende som økologiske eitt eller to år fram i tid. Det er med andre ord ein viss optimisme for den økologiske produksjonen i Vestland, nokre år fram i tid.

Blåe søyler med rød linje i et diagram som viser statistikk over økologisk produksjon i Vestland fra 2019-2022
Figur 1: Figuren viser utviklinga av økologisk godkjent areal (dekar) i Vestland i perioden 2019-2022. Søylane viser samla økologisk-og karensareal, medan den raude linja viser utviklinga av den godkjente økologiske produksjonen i same periode. Linja viser at det var ein nedgang i økologisk areal i perioden, medan søylene viser ein svak auke i karensareal. Kjelde: Debio/Landbruksdirektoratet Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Mykje grovfôr er økologisk

Vestland er eit fylke med mykje grovfôrproduksjon, så ein finn størsteparten av areala i denne kategorien. Ein kan til dømes drive berre grasareala økologisk, og ikkje ha godkjenning for tilhøyrande kjøt-eller mjølkeproduksjonen på garden. Det forklarar noko av tala i reknearka under Dokumenter, som viser kor mange husdyrslag ein finn med økologisk godkjenning i kvart fylke. Her ligg Vestland på topp med tal økologisk godkjende geiter, sauer og lam, med Trøndelag på god 2. plass. Trass dette finn ein få eller ingen produkt frå Fatland og Nortura som er merka økologiske.

Innan kategorien planteproduksjon er Vestland på ein god 5. plass når det gjeld grovfôrproduksjon, medan ein toppar fylkesstatistikken for frukt (912 dekar) og urter (16 dekar totalt).

Sjå vedlegg under «Dokumenter» på denne nettsida, for vidare lesing og dokumentasjon over økologisk produksjon i fylkene i Noreg.

Denne lenken kan hjelpe deg med å lese kodane i reknearka.

Noreg oppsummert i øko-statistikk

For ei samanlikning med tala frå Vestland, var det totalt i Noreg 1974 produsentar og 460 063 dekar med godkjente areal for økologisk drift og karensareal. Det har vore ein nedgang i både areal og tal produsentar i Noreg, frå toppåra 2009 og 2010.

Les meir på Debio.no – ressursar – statistikk.

Årleg rapport av øko-tal

Kvart år blir det gitt ut ei oppsummering av korleis det står til med den økologiske produksjonen og omsetjinga av økologisk mat i Noreg. Rapporten blir gitt ut av Landbruksdirektoratet og det brukar å fylje eit seminar/webinar i samband med lanseringa, som normalt foregår i mars kvart år.

Les meir på nettsida til Landbruksdirektoratet om økologisk produksjon i Noreg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.