Eple- og pæresortar for økologisk dyrking

Bilde av sorten aroma på grunnstamme M9 i tettplanting på Njøs frukt- og bærsenter i 2018, med økologisk godkjent drift og utprøving av underkultur og flis under trerekkene.
Sorten aroma på grunnstamme M9 i tettplanting på Njøs frukt- og bærsenter i 2018, med økologisk godkjent drift og utprøving av underkultur og flis under trerekkene. Foto: Frøydis Lindén/SFVL.

Njøs frukt- og bærsenter har oppdatert rettleiaren for val av sortar for økologisk eple- og pæreproduksjon. Sortane er valde ut frå dyrking etter regelverket for økologisk landbruk og lokalt sal.

Publisert 08.05.2025

Tilpassa lokalmatsal

Dei siste åra har det vorte enklare å selje lokalmat i heile landet. REKO-ringar, Bondens marknad og gardsutsal er døme på gode salskanalar for lokalmat. Her kan ein lettare selje ulike sortar, til dømes dei som ikkje toler handtering i mekaniske pakkelinjer. Rettleiaren er utvida med fleire sortar slik at det kan verte større variasjon av eple- og pæresortar i lokale utsal.

Dyrkingsstrategi

Rettleiaren har eit nytt innleiande kapittel om val av dyrkingsstrategi. Ikkje alle kan investere og selje volum som forsvarar ei tettplanting med frukt. Dei ynskjer heller å dyrke på kraftigare grunnstammar og integrere fruktproduksjonen med andre tilleggsproduksjonar, som småskala grønsaksproduksjon eller mindre husdyrproduksjonar med foredla produkt. I sortsvurderingane er det, i den grad det finst erfaringar om det, skildra korleis sortane vil reagere på meir sterktveksande grunnstammar.

Sterk mot sjukdom

Dei utvalde sortane er prøvd ut i norsk klima og er sjukdomssterke, og slik sett er dei godt tilpassa ei økologisk drift. Samstundes er dette viktige eigenskapar for sortar som skal nyttast til all fruktproduksjon, uansett driftsform. Det er spesielt lagt vekt på at sortane skal vere sterke mot skurv og frukttrekreft.

Bakgrunn og forklaringar

Rettleiaren har ei utførleg litteraturliste, som kan vere til hjelp for å auke eigen kompetanse for etablering og drift av fruktproduksjon, også økologisk. Her kan ein få hjelp til å finne ut av  omgrep og detaljar.

Sortsrettleiaren for økologisk eple- og pæreproduksjon er utarbeidd i eit fruktprosjekt på Sogn-jord og hagebruksskule, der ein skal etablere eit undervisningsfelt med tre ulike dyrkingssystem.

Bilde av rettleiar for økologisk produksjon av eple og pære i Norge
Ny sortsliste for økologisk produksjon av eple og pære i Norge, utarbeidd av sortsforskarane på Njøs frukt- og bærsenter på Leikanger i Sogn. Foto: Njøs frukt-og bærsenter, forside..

Grossistproduksjon

Mykje har skjedd sidan sortslista for økologiske eple vart publisert fyrste gong i 2007. Då var den mest mynta på dyrkarar som hadde avtale med grossistledd. Målet var å selje avlinga gjennom fruktlager med Debio-godkjenning, og med ein meirpris for økologisk produksjon. Den oppdaterte sortslista inneheld også desse hovudsortane for grossistsal, men er utvida med fleire og nyare sortar.

Fruktlager og grossistledd kan framleis selje økologisk frukt dersom dei har Debio-godkjenning for å pakke om og selje økologiske varer. Fruktlageret vil då sette krav om at du skal levere eit viss utval sortar, og ha godkjent produksjonsplan frå ein produsentorganisasjon.

Ikkje alle fruktlager tek imot nye medlemmar eller har øko-godkjenning av lageret. Du kan kontakte dei for å finne ut om det er mogeleg å få leveringsavtale med ein økologisk godkjent produksjon. Spør om kva for sortar dei kan selje som økologisk til daglegvarekjedene og storkjøkken og kva for meirpris i prosent du kan forvente. Få gjerne ei skriftleg leveringsavtale med ei liste over sortar dei kan omsette. Dette vil du få bruk for dersom du skal søkje midlar hos Innovasjon Norge.

Marknads-og prisinformasjon – Grøntprodusentenes samarbeidsråd

Investeringsstøtte frå Innovasjon Norge

Dersom du skal søkje Innovasjon Norge om støtte til etablering av eit fruktfelt, kan du få ekstra støtte til å drive økologisk (inntil 50% støtte – i praksis mellom 30-35% av kostnadsbudsjettet). I søknaden må du vise til korleis du skal omsette varene. Har du ein marknadsplan for korleis du skal selje heile avlinga di lokalt, kan du velje andre sortar enn «grossist-sortane». Dersom du kan levere til eit fruktlager, må du legge ved ei skriftleg leveringsavtale. Fruktlageret vil i sin tur krevje at du er medlem av ein produsentorganisasjon (til dømes Gartnerhallen som er BAMA-leverandør eller Grøntprodusentene som er Coop-leverandør) og har fått ein godkjent planteplan med sort og mengde.

Les meir om støtte til landbruk og tilleggsnæringar i Vestland (Innovasjon Norge)

Marknads-og prisinformasjon – Grøntprodusentenes samarbeidsråd

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.