Utvalde kulturlandskap og verdsarvsatsinga

Satsinga «Utvalde kulturlandskap i jordbruket» er ei oppfølging av nasjonale mål om å ivareta kulturlandskapet. Dette er eit samarbeid og spleiselag mellom landbruks- og miljøstyresmaktene.

Av 51 utvalde område i heile landet er no sju område i Vestland med i satsinga. Dette er UKL Grinde og Engjasete i Sogndal kommune, UKL Stadlandet i Stad kommune, UKL Ormelid i Luster kommune, UKL Lærdal i Lærdal kommune, UKL Havrå i Osterøy kommune, UKL Gjuvslandslia i Kvinnherad kommune og UKL Ullensvang i Ullensvang kommune.

Vestnorsk fjordlandskap vart innskrive på UNESCO si World Heritage List eller verdsarvlista i 2005. Vestnorsk fjordlandskap (VF) omfattar dei to delområda Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet.

Landbruksdirektoratet og Miljøverndepartementet har sidan 2008 løyvd midlar til verdsarvområda. Midlane skal nyttast i samsvar med Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområde Vestnorsk Fjordlandskap og Vegaøyan. Bakgrunnen er at landbruk og kulturlandskap utgjer ein viktig del av verdsarvverdiane i desse områda. Føremålet med midlane er å styrke og utvikle jordbruket i desse verdsarvområda slik at kulturlandskapsverdiane blir teke vare på for framtida.

Det er kommunane som forvaltar tilskotet til utvalde kulturlandskap og verdsarvområda. (Statsforvaltaren er klageinstans i tilskotssaker).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 09.07.2021

Nytt utvalt kulturlandskap i Vestland?

Satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) er ei oppfølging av nasjonale mål om å ta vare på verdiane i nokre av dei mest særeigne jordbrukslandskapa i landet. No er Fitjarøyane og øyane rundt Brandasund eit av områda som er aktuelle for å bli teke inn i utvalet.