Klima- og miljøpris for landbruket i Vestland

Prisen skal heidre nokon som har gjort ein ekstra innsats ved å formidle eller ta i bruk løysingar som er klima- og miljøvennlege. Løysingane må òg fremje naturmangfald.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.01.2022

Klima- og miljøprisen for landbruket skal delast ut for første gong i 2022 og er på 30 000 kr. Gardbrukarar, skogbrukarar, mindre organisasjonar, kommunar, næringsverksemder og FoU-verksemder, lag og andre former for fellestiltak og samarbeid som har vist særleg god innsats kan få prisen.

Du kan nominere kandidatar fram til 28. februar.

Prisen vert delt ut annakvart år og er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland. Vi ønskjer å auke merksemda og kunnskapen om gode klima- og miljøtiltak i landbruket, og saman løfte fram gode døme og motivere til vidare innsats.

Du finn meir informasjon om prisen og skjema for nominering på nettsida til Vestland fylkeskommune.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.