Desse finalistane fekk besøk av juryen for kulturlandskapsprisen

Kulturlandskapsprisen for Vestland skal delast ut for første gong i 2023. Etter siling av dei nominerte, besøkte juryen dei tre finalistane i deira kulturlandskap tysdag og onsdag denne veka.

Publisert 02.06.2023

Desse tre var Norsk kystkulturakademi i Solund, Dagfinn og Kari Hegg-Lunde på Borlo i Lærdal, og verdsarvbøndene i Undredal i Aurland kommune.

Vinnaren av prisen skal ha gjort ein ekstraordinær innsats for kulturlandskapet i Vestland, mellom anna knytt til biologisk mangfaldet, bygningsvern, verdiskaping, formidling, tilrettelegging og tradisjonar knytt til kulturlandskapet. Alle dei tre finalistane utmerkar seg i høve desse kriteria på kvar sin måte.

I møte med Norsk kystkulturakademi (NKKA) v/ styreleiar Bjørn Magne Hansen, fungerande dagleg leiar Kjell Mongstad, Trude Søilen m.fl., fekk juryen reise til Tungodden i lag med «Skippertaket», som spring ut av NKKA, og som er ein årleg redningsaksjon for kulturminne på kysten. Her møtte vi tilsette og lærling frå NKKA, og eigaren av verdas lengste grindnaust. Ved Valsvatnet såg vi på innmarksbeite under restaurering i regi av NKKA, og møtte både barnehageborn og ungdom som er engasjerte i Hardbakke villsaulag. Tilbake i Hardbakke fekk vi sjå og høyre om kajakksatsinga, verkstaden og Taklebua. NKKA gjer ein aktiv innsats med formidling av kulturlandskapet, og ikkje minst inkludering av heile lokalsamfunnet i kulturlandskapsparbeidet. Det var NKKA som starta det som no heiter Fjordkysten regional- og geopark, og som utvikla modellen som Hardbakke villsaulag no driftar etter.

Folk, fjell, himmel, sauer
Hardbakke villsaulag er ein ny og inkluderande måte å halde beitedyr der lokalbefolkninga eig partar i laget Foto: Trude Knutzen Knagenhjelm SFVL.
Berg, sjø, himmel, grantrær, grindenaust
Verdas lengste grindenaust er del av årets redningsaksjon for kystkulturminne-Skippertaket Foto: Trude Knutzen Knagenhjelm, SFVL.

På Borlo bygdetun møtte Dagfinn og Kari Hegg-Lunde oss. Her har dei lagt ned tusenvis av arbeidstimar, og bygd opp eit tun beståande av 20 bygningar som alle har lokalhistoriske utstillingar og som viser mangfaldet i fjellbygda Borgund. Kongevegen passerer bygdetunet, og inngår i eit velhaldt og spennande kulturlandskap med djup tidsdjupne inkludert det spennande området Eraksgrandane. Dette er eit lite utforska område spekka med steinstrukturar frå ulike tidsaldrar. Kulturminna og markene i området eit tidsspenn frå vikingtid opp til vår tid, der murar etter fleire husmannsplassar utmerkar seg som eit særeige trekk i landskapet. Heile dette området er rydda og skjøtta av Hegg-Lunde gjennom 30 år, slik at området i dag gir eit unikt innblikk i korleis jordbrukslandskapet har vore på gamle garder og husmanssplassar.

Brunt hus, skog, sti, folk, torvtak
Dagfinn Hegg-Lunde har gjennom fleire år arbeidd med å restaurere husmannsplassane på Borlo. Foto: Trude Knutzsen Knagenhjelm, SFVL.
På Eraksgrandane har Dagfinn rydda fram strukturer og kulturminne som truleg går tilbake til vikingtida. Foto: Trude Knutzen Knagenhjelm, SFVL.
Fjell, folk, grønne trær, snø, elv
Landskapet på Borlo er ein mosaikk av små teigar og strukturer som det er viktig å ta omsyn til Foto: Trude Knutzen Knagenhjelm, SFVL.

Bygda Undredal har eit særprega bygningsmiljø av små trehus tett i tett, Noregs minste stavkyrkje og rikt biologisk mangfald som slåtte- og beitemarker. Omsyn til det særmerkte kulturmiljøet og det biologiske mangfaldet stiller strenge krav til alle slags tiltak i bygda. Sjølv om jordbruksareala er brattlendte, særs arbeidskrevjande og oppstykka i småteigar vert det drive aktivt landbruk med hovudvekt på geit og osteproduksjon. Ein god del av dette arealet vert slått med ljå og tohjuls slåmaskiner, og bruk av teknologiske nyvinningar frå alpelanda. Ein del av innhaustinga skjer også ved bruk av båt langs fjorden. Bygda har eige stølsysteri der store delar av geitemjølka vert nytta til produksjon av kvit og brun geitost. Tradisjonell stølsdrift og stølskultur vert òg halde i hevd. Eit produkt av dette er eit kulturlandskap i verdsklasse, som m.a. inngår i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap og Nærøyfjorden landskapsvernområde. På tre bruk har det nyleg vore generasjonsskifte, der dei nye drivarane satsar friskt på vidareføring av drifta gjennom investeringar i driftsbygningar og utstyr.

Fjell, grå himmel, fjord, hus og fjøs, elv, grønne lier
Slåttemarkene til gardane ligg på terrasser i dalsidene over besetnaden. Foto: Trude Knutzen Knagenhjelm, SFVL.
Fjord, fjell, grønne trær og lier, frukttre
Landbruksdrifta i Undredal gjer at heile fjordlandskapet er skjøtta Foto: Trude Knutzen Knagenhjelm, SFVL.
Skog, eng og steinmur
I Undredal inngå bratte, artsrike slåtteenger langs fjorden i den ordinære landbruksdrifta Foto: Trude Knutzen Knagenhjelm.
Bøndene i Undredal er opptekne av å ta vare på kulturminne og landskap gjennom restaurering og aktiv skjøtsel Foto: Trude Knutzen Knagenhjelm, SFVL.

Juryen vart tekne godt imot av alle finalistane, og fekk utvida sin kunnskap om kulturlandskapet i fylket og dei som gjer ein stor innsats for å ta vare på desse verdiane.

Juryen består av representantar frå:

  • Vestland bondelag (Andreas Wollnick Wiese)
  • Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag og Hordaland bonde- og småbrukarlag – ein felles representant (Anders Lundevold)
  • Høgskulen på Vestlandet (Leif Hauge)
  • Vestland fylkeskommune, avdeling for innovasjon og næringsutvikling, seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv (Kjersti Sognnes)
  • Vestland fylkeskommune, avdeling for kultur, idrett og inkludering, seksjon for kulturarv (Tore Slinning)
  • Statsforvaltaren i Vestland, landbruksavdelinga (Øyvind Vatshelle)
  • Statsforvaltaren i Vestland, miljøavdelinga (Solveig Roald)

Vinnaren av prisen vil bli kunngjort i samband med utdelinga av prisen i august/september.



Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.