48 millionar til tørkeramma bønder

Den lange tørkeperioden i sommar gav store avlingstap for bønder i heile landet. I Hordaland og Sogn og Fjordane søkte 657 bønder om erstatning etter avlingstap. Dei største tapa har vore i kommunane Luster, Flora, Voss og Sveio.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.01.2019

I Sogn og Fjordane og Hordaland var det totalt 341 og 316 søknader om avlingssvikt på gras, frukt og bær. Normalt er det under 20 søknader i kvart fylke. Utbetalinga for 2018 er omtrent lik i kvart fylke og søkjarane har i snitt fått utbetalt 80 000 kroner.

Erstatninga for grovfôr vart auka dette året då kostnaden med å kjøpe grovfôr var særleg høge. Dette skuldast tørke og avlingstap i heile Sør-Norge som medførte lengre transport og auka prispress på grovfôr.

Året 2018

Våren og sommaren 2018 var uvanleg varm og med lite eller ingen nedbør. Dette gjorde at avlinga tørka bort. Førsteslåtten vart sterkt redusert, og for enkelte vart det lite eller inga avling. Særleg hardt råka vart bønder med mykje attlegg og bønder som brukte innmarka som beite om våren.

Gras og grovfôr

Bønder som var tidleg ute med gjødsla og tok ein tidleg førsteslått fekk dei beste avlingane. Dei fekk regn på gjødsla om våren og hausta graset før det tørka bort. På andreslåtten fekk mange ei normal eller god avling, men her var det store variasjonar. Mange gjødsla ekstra for å få ein tredjeslått på hausten. Dei som var tidleg med første- og andreslåtten fekk hausta tredjeslåtten første veka i september. Etter dette vart det samanhengande regn og store nedbørsmengder utover heile hausten. Dette gav vanskelege hausteforhold og dårleg graskvalitet for dei som var seine med slå andreslåtten.

Frukt og bær

Det er også gitt erstatning etter avlingssvikt i frukt og bær. Nok av dette skuldast for lite vatning i det varme været. Men erstatningane er primært knytt til ei haglbyge som skada frukta i Hardanger og frostskade på bringebær om våren i Sogn og Nordfjord. Totalt var det 27 søknader i Sogn og Fjordane og 13 saker i Hordaland.

 

 

Tabell 1: Kommunane i Hordaland

Kommune

Tal søknader

Totalt erstatningsbeløp

Bergen

16

                     1 118 577

Etne

26

                         1 829 799

Sveio

31

                         2 626 259

Bømlo

11

                             580 467

Stord

10

                             667 377

Fitjar

4

                             159 829

Tysnes

10

                             779 878

Kvinnherad

22

                         1 886 404

Odda

2

                             272 787

Ullensvang

10

180 933

Eidfjord

4

                             577 489

Ulvik

2

                           442 211

Granvin

4

                             106 385

Voss

55

                         3 112 434

Kvam

4

                             756 616

Fusa

20

                         1 257 226

Samnanger

3

                             135 285

Os

9

                         1 334 454

Austevoll

3

                             178 735

Sund

4

                             124 186

Fjell

2

                             159 829

Askøy

6

                             217 260

Vaksdal

11

                         1 632 855

Modalen

1

                             138 677

Osterøy

15

                         1 855 427

Øygarden

5

                             329 694

Radøy

2

                             157 723

Lindås

15

                         1 072 507

Masfjorden

8

                             379 368

Totalt

316

                       23 945 199

 

Tabell 2: Kommunane i Sogn og Fjordane

Kommune

Tal søknader

Total erstatningssum

Flora

25

1 656 248

Gulen

2

22 345

Solund

3

147 246

Hyllestad

3

440 430

Høyanger

7

380 884

Vik

22

1 460 542

Balestrand

3

160 277

Leikanger

13

336 742

Sogndal

17

987 612

Aurland

16

864 753

Lærdal

27

2 555 272

Årdal

2

70 354

Luster

45

5 192 288

Askvoll

8

484 582

Fjaler

20

1 642 948

Gaular

6

426 983

Jølster

9

473 775

Førde

11

736 267

Naustdal

15

1 279 395

Bremanger

10

546 538

Vågsøy

1

88 516

Selje

8

236 486

Eid

8

231 373

Hornindal

4

333 075

Gloppen

21

1 439 201

Stryn

35

1 660 255

Totalt

341

23 854 387

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.