Varegga, Mat fra Bergen - vi er riktig lokale.

Julie og Fredrik Log handterer varsamt dei gode råvara - foto: Varegga

Skal berekraft vere meir enn eit fancy ord i forretningsstrategien, må alt ein gjer tenkast på som lokalt, miljø- og ressurssparande og sirkulært så langt som mogleg. Denne verksemda jobbar slik kvar dag.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.12.2022

Dette er eigentleg ikkje så revolusjonerande tankar. Før i tida vart summen av dette slik: Du skal levere garden vidare til neste generasjon i betre stand enn då du overtok. Berekraftig heilskap har alltid vore ein sentral tanke i all gardsdrift. Det som har endra seg i vår tid er forståinga av kva dette vil seie, og ikkje minst korleis vi lever opp til slike ambisjonar. Over tid har rammevilkåra pressa mange bønder til ei einsidig økonomisk berekraft, som kan skade den nemnde heilskapen.

Varegga er eit samarbeid mellom to gardar ved foten av byfjella i Bergen og kokkane Julie og Fredrik Log. Dei har gjort noko med dette. Gardsfamiliane har kasta av seg gammaldagse tankesett, og går no med stort engasjement inn i ei total konseptendring der berekraft nettopp skal vere meir enn eit fancy ord. Frå ord til handling, som vi gjerne vil seie.

Lokal produksjon og foredling, korte reisevegar frå gard til kunde, lokale, familiære og inkluderande arbeidsplassar, mangesysleri, økologisk, avfallsortering på høgt nivå, gjenbruk, god dyrevelferd og alt dette utan å miste det økonomiske aspektet ut av syne.

Om folk ønskjer å kome på besøk på gardane, så er også dette mogleg. Visjonen dei har går ut på å gje folket i Bergen ei forståing for kvar maten kjem frå. Særskilt for born kan eit gardsbesøk vere ei god moglegheit for innsikt i matproduksjon, dyrestell og gardsliv.

Det overraskar dermed ikkje at Bærekraftprisen i 2021, delt ut på Matfestivalen 2021 i Bergen, gjekk til nettopp Varegga – Mat fra Bergen. I grunngjevinga vert nemnd at gardane Løvaas Gard og Kvamme Gard i Arna leverer ureist mat. Dyrevelferd står i sentrum, og produsenten driv på ein berekraftig og trygg måte i tråd med FNs berekraftsmål. Produsentane vil redusere ressursbruk, miljøpåverknad og klimautslepp, og tek eit aktivt ansvar.

Varegga vil i januar 2023 også vere del av den vestlandske utstillarflokken på messa Internationale Grüne Woche i Berlin (IGW).

 

Varegga

Ullgris på beite, Løvaas Gard - foto: Varegga

Varegga

Hjortekalv, Løvaas Gard - foto: Varegga

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.