Nytt matgledekorps i Vestland

Matgledekorpset i Vestland med Olaug Bollestad
Matgledekorpset i Vestland med Olaug Bollestad Foto: SFVL Christian Rekkedal.

Statsråd Olaug Bollestad lanserte nytt Matgledekorps i Vestland.

Publisert 03.09.2021

Korpset skal først og fremt løfte og inspirere til meir mat- og måltidsglede hjå heimebuande eldre. Med røynsle frå dei fem andre Matgledekorpsa å byggje på, vil vi i Vestland finne vår eigen veg for å inspirere målgruppa til både matglede og betre helse ved å formidle kunnskap om dei riktige val og praktisk læring ved gryta.

Korpset består av følgende:

  • Tore Skarstein, kokk
  • Line Hanitz, klinisk ernæringsfysiolog
  • Elfrid Håheim, Gloppen frivilligsentral
  • Beate Helland, Statsforvalteren Vestland
  • Marit Hjortung, Statsforvalteren Vestland

Korpset inviterer kommuner i Vestland til å ta kontakt for samarbeid.

Kort om bakgrunn for etablering av matgledekorps

Statsforvalteren i Vestland (SFVL) har fått i oppdrag av LMD å etablere eit matgledekorps, der vi skal rette søkelyset på matomsorgen til heimebuande eldre, gjerne i samarbeid med frivillige organisasjoner. Korpset har 5 medlemer med ulik kompetanse og skal utføre eit tal definerte tiltak innan utgongen av 2021.

LMD jobber mellom anna med å skape meir mat- og måltidsglede hjå eldre under overskriften Gylne Måltidsøyeblikk. Tiltaket rettar seg både mot eldre som bur på institusjon og heimebuande eldre som får mat levert heim. Mindre matsvinn, bruk av lokale/regionale råvarar og brukarinvolvering av pårørande omfattes også.

Matgledekorpset er ein del av satsinga og på heimesida kan du mellom anna lese korleis dei andre korpsa arbeidar, www.matgledekorps.no. Pr i dag er det etablert seks korps i landet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Lenkjer