Gjev bedriftsutviklingspris til Siderklynga i Hardanger

Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2021, vinnar Hardanger Siderprodusentlag
Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2021, vinnar Hardanger Siderprodusentlag Foto: Marit Hjortung, SFVL.

Gjennom godt samarbeid på tvers av aktørar og kreative satsingar vann siderklynga nyleg bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Vestland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.11.2021

Siderklynga i Hardanger dreg saman og famnar mange i det breie arbeidet som gjev store ringverknader for siderprodusentane, reiselivet og mange andre aktørar i regionen. Klynga er i dag eit viktig kompetanse- og utviklingsmiljø, og siderproduksjonen i Hardanger hadde ikkje vore der den er i dag utan det konstruktive og fruktbare samarbeidet gjennom klynga, sa juryleiar og leiar for Innovasjon Norge Vestland Nina Broch Mathisen i grunngjevinga for prisutdelinga.

Ho peika vidare på klynga si rolle i Hardangerregionen, der kompetanse og optimisme står sentralt både for folketalsutvikling, for utvikling av fruknæringa og for rekruttering av nye fruktbønder.

Klynga er nytenkande og har innovative samarbeidsprosjekt. Sidersafari er eit av prosjekta, som har fått mykje merksemd og er eit populært tiltak.

Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.

Les meir om prisutdelinga og prisvinnarane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.