Auke i lokalproduksjon av grønsaker i Vestland

Ein kald og regntung forsommar har forseinka produksjonen av grønsaker i Vestland, men truleg kjem det til å bugne frå åkrane i august med den gode nedbøren som er no. Undeland gard i Ulvik driv 3-4 dekar stor marknadshageproduksjon , her med grønsaksbed, tunellar og luke-utsikten. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

Lokal produksjon av grønsaker i Vestland fylke har auka med 127 daa frå 2019-2021. Det gir forbrukarar i heile fylke moglegheit for å finne ferske, lokalproduserte grønsaker i sommar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.07.2022

Mykje av grønsakene frå Vestland vert produserte i Lærdal og går ut til dagligvarehandelen, men grønsakene kjem óg frå opp mot 50 nye grønsaksdyrkarar i Vestland, som driv produksjonen sin etter prinsippa for marknadshagedrift. Dette er ei driftsform som er godt tilpassa dei mange små dyrkingsareala i Vestland fylke, med godt mikroklima for grønsaksproduksjon. Dei nye produsentane i Vestland fylke er i ein oppbyggingsfase og vil i snitt dyrke på 1,4 dekar om nokre få år. Dette viser ei oppsummering ette tre år med stimuleringsarbeid.

Ein handverksproduksjon

Grønsaker frå ein marknadshage er langt på veg ein handverksproduksjon, på lik linje med lokalprodusert ost og foredla kjøtprodukt. Med låg mekaniseringsgrad og effektive handredskap, dyrkar marknadshageprodusentane fram eit mangfald av grønsaker til kundane sine. Med faste dyrkingsbed frå år til år, skånar ein jordlivet, og grønsakene sådd og hausta i så mange hald vekstsesongen tillet. Mange nyttar kompost og husdyrgjødsel til næringsforsyning til mikroliv og plantar, og brukar metodar for integrert plantevern. Nokre vel å strekke vekstsesongen ved å dyrke i tunnel i starten og slutten av sesongen (juni-sept/okt).

Det er med andre ord ein intensiv produksjon, med høg verdiskaping på få dekar. Dei fleste marknadshagane er på 1-3 daa, noko ein person kan drifte med noko sesonghjelp. Ei oppsummering frå norske marknadshagar i ein NIBIO-rapport frå 2021, reknar med at ein marknadshage kan gje ein omsetnad på 120 000 kroner per dekar og år.

Lokal produksjon og sal

Mange av marknadshagedyrkarane tek sikte på å vere ein totalleverandør av grønsaker for spesielt privatkundane sine i vekstsesongen. Dei kan kjøpe grønsakene på Bondens marknad, REKO-ringane eller på ein restaurant i fylket. Nokre vel å abonnere på grønsakskasser med henting på ein henteplass kvar 14. dag.  

Restaurantar og hotell får gjerne salat og meir sjeldne grønsaker frå ein marknadshage, og supplerer inn frå grossistar med dei vanlegaste grønsakene dei brukar i menyen sin. Med andre ord gir marknadshageproduksjonen i fylket eit større mangfald på tallerkane både i private hushald og på restaurantane i sommar. 

Marknadshagekurs og inkubatorprogram som støtte

Trendar i samfunnet peika på at både unge produsentar ville dyrke grønsaker for sal, og at forbrukarane ville gjere meir for å få ferske og lokale grønsaker i hus. Bondens marknad i Vestland og REKO-ringane i Norge har etablert fleire marknader og henteplassar sidan 2019. Også utdanningsstader merkar auka interesse for å skape grønsaksdyring som næringsveg. Til dømes har mange av elevane på Sogn jord- og hagebruksskule (SJH) dei siste åra, hatt som mål å etablere ein marknadshage etter avslutta studiar i Aurland.

Foto: Frøtdis Lindén / SFVL.

Katinka Kilian er erfaren marknadshageprodusent frå Undeland gard i Ulvik, og har vore ein viktig ressursperson for marknadshagekursa og inkubatorprogrammet i 2022. Ho er tilsett på Lystgarden i Bergen, som vil tilby inkubatorprogram i 2023.

Denne interessa vart det behov for å møte med kurs, inspirasjon og nettverkssamlingar. I 2019 innleia Statsforvaltaren i Vestland eit samarbeid med Bondens marknad om å halde marknadshagekurs i samarbeid med Norsk landbruksrådgiving. I 2020 vart samarbeidet utvida til å inkludere Stadsbrukprosjektet i Sverige, kor ein i tre fylke testa ut deira modell for eit oppstartsprogram for marknadshagar. Dette prosjektet vart fullført i år.

Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

Mathilde Buch Larsen frå Bøtun gard i Marifjøra viser stolt fram ein abonnementskasse som er klar for utlevering til kundar i Sogndal. Dei har prøvd mange omsetnadsformer, alt frå gardsutsal, nettbutikk og REKO, men har landa på ein kombinasjon av levering til privatkundar og restaurantar/hotell. Dei utfyller kvarandre godt i sesongen: Restaurantane tek meir når familiane er på ferie, understrekar Mathilde som driv garden i lag med mannen Martin.

Tett oppfyljing og nettverk er viktig

I korte trekk ser ein at eit inkubatorprogram, med tettare oppfølging og oftare møtepunkt (fysisk og på digitale webinar), gir fleire som startar testsal (73 prosent). Dei er meir motiverte for å vidareføre ein produksjon etter oppstartsåret, enn dersom dei teltok på eit kurs med høgare inntak og tradisjonell undervisning (45 prosent). Det tyder på at ein bør halde fra med ein inkubatormodell for ei framtidig marknadshagesatsing, kor ein har færre deltakarar: 15 istaden for 30 deltakarar, som marknadshagekursa hadde.

Ei attåtnæring i vekst

Det ser ut til at 65 prosent av dei som deltok på marknadshagekursa eller inkubatorprogrammet vil drive over 1,4 daa med grønsaksproduksjon i 2025 i Vestland. Med tanke på at kursarrangørane forventar at ein tredjedel vil halde fram med ein produksjon, er denne «stayerevna» betre enn forventa då prosjektet starta.

Sjøl om 1,4 daa kan virke som eit lite areal, er marknadshageproduksjon ein intensiv produksjon. Dei mest erfarne marknadshageprodusentane i Noreg dyrkar frå 2-3 daa. Då kan 1,4 daa vere eit realistisk mål for mange, når ein er i ein oppbyggingsfase av både produksjonen, erfaring som grønsaksdyrkar og selgar av grønsaker.

Nytt nasjonalt nettverk

Marknadshagekursa og spesielt inkubatorprogrammet, har lagt stor vekt på å styrke marknadskunnskap i like stor grad som agronomisk kunnskap. Skal ein lukkast som lokalmatprodusent må ein like og handtere både produksjon og marknadsarbeid like godt. Slår alt til i framtida, bør ein kunne forvente ein årleg verdiskaping frå småskala grønsaksproduksjon i Vestland fylke på om lag 8 millionar kroner. Det er ei verdiskaping som kjem mange mindre gardsbruk til nytte og vil skape eit større matmangfald i Vestland fylke.

Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

I år vil nasjonal nettverkssamling for marknadshagar og andelslandbruk bli lagt til Sogn jord- og hagebruksskule (SJH) i Aurland den 14.-16. oktober.

I framtida gjeld det å skape sterke nettverk mellom dei som har starta småskala grønsaksproduksjon i Vestland fylke og gjere dei til produsentar som held fram med produksjonen i mange år. Mentorordninga og NLR Vest sine rådgivingstenester vil bli viktige for produsentane i åra framover.

Marknadshagedyrkarane har allereie skapt sine nettverk gjennom eksisterande facebookgrupper (Markedshager i Norge, Markedshager - Vestlandet), og har sine årlege markvandringar i lag med NLR Vest. I fjor vart prosjektet Markedshager i Norge starta, med mål om å skape eit sterkt nasjonalt nettverk, som også kan kome produsentane i Vestland til gode. 

Takk til:

Bondens marked - prosjektleiing v/Randi L. Gjertsen og Maya F. Greve
Lystgården - Senter for urbant landbruk v/K. Kilian og L.K. Thommassen
Norsk landbruksrådgiving vest - v/L. Lyngstad, G. Røthe, K. Berge
Vestland fylkeskommune - prosjektstøtte (RK/RT-midlar)


Statistikk over grønsaksproduksjon i Vestland

Kart 1 viser produksjon av grønsaker i dekar, fordelt på kommunane i Vestland fylke i 2021. Den tradisjonelle grossistproduksjonen av grønsaker i Vestland fylke er i Lærdal og Gloppen, kor Lærdal har auka sin grønsaksproduksjon med 120 dekar grønsaker og om lag 50 dekar potet i perioden 2019-2020. Dei to kommunane med mest økologiske grønsaker er Voss og Aurland.

Dei nye produsentane av grønsaker for lokalt sal er spreidde rundt i heile fylket, med ein tydeleg auke i Bergen og omegn. Det er truleg fleire enn dei som er registrerte i kartet over, då kartet er bygd på statistikk frå søkarar om produksjonstilskod. Fleire av produsentane som kun har ein grønsaksproduksjon på garden når ikkje over botnfrådraget i søknad om produksjonstilskot. 

Kart 2 (under) viser grønsaksproduksjon i Vestland fylke i dekar og per kommune i 2019.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Evaluering av to kurs og eitt inkubatorprogram:

Konklusjonar frå oppsummeringa frå marknadshagekurs og inkubatorprogrammet i 2021, basert på intervju av 80-90 % av deltakarane:

  • Deltakarane fordelte seg om lag 30 % frå Sogn-og fjordane og 70 % frå Hordaland, med god spreiing av produksjon i distrikta og kring tettstader og byar.
  • 2/3 av deltakarane hadde erfaring eller relevant utdanning innan landbruk, men få hadde direkte erfaring med grønsaksproduksjon.
  • 80 % hadde eigen gard, medan resten leigde areal eller er på jakt etter eit areal å leige med langtidskontrakt.
  • I snitt var testareala første året 02,-0,5 daa, medan dei planlegg å utvide til i snitt til 1,4 daa i 2025.
  • 15 % har ein frukt-eller bærproduksjon frå før, og 30 % hadde ein husdyrproduksjon i tillegg til grønsaksdrifta.
  • Etter marknadshagekurset nytta 15-20 % ei fadder/mentor-ordning, og 20-30 % søkte hjelp frå ein rådgjevar i Norsk landbruksråddgiving Vest. Det er venta at marknadshagedyrkarane vil søke hjelp frå NLR Vest etterkvart som får meir erfaring og utvidar produksjonen sin.
  • 15 % søkte Innovasjon Norge om støtte etter avslutta kurs.

Satsinga på marknadshagar i 2019 starta som ein reaksjon på fleire teikn til endringar i samfunnet:

  • Klima-rapportane sa at me alle må auke andelen grønsaker på matfata våre og minke kjøtforbruket. Å hente dette frå norsk lokalprodusjon er eit mål i seg sjølv, for å minske transport av mat.
  • I tillegg opplevde fleire som prøvde å søke om medlemsskap i produsentorganisasjonar for grønsaksprodusentar, avslag. Produsentorganisasjonane og grossistane dei samarbeidde med, ville heller satse på å gje dei etablerte produsentane sjansen til å produsere meir, i staden for å invitere nye produsentar til å levere.
  • På same tid vart fleire lokalsamfunn og byfolk inspirerte av trendar frå utlandet, kor produsentar av mat og forbrukarar ønskte å skape direkte salskanalar for matvarer. REKO-ringane blomstra og ein såg ei gryande interesse for ordningar med å kjøpe andelar eller abonnere på grønsakskassar.

Støtte frå Innovasjon Norge til marknadshagar:

Ei fylkesoversikt frå Innovasjon Norge (IN) for perioden 2020-21 viste at:

  • I snitt for heile landet får søknadane til småskala grønt/frukt/bær ei tildeling på 154 000 kroner, og Vestland fylke henta heim 13 av i alt 74 søknader i Noreg i perioden 2020-2021.
  • 5 av dei 13 søkarane i Vestland hadde ikkje gjennomført marknadshagekurs, og har dermed henta inn kunnskap frå andre kjelder (nett, bøker, nettverk). Det er venta at IN får fleire søknader frå kurs/inkubatordeltakarane i åra som kjem, då mange som tek kurs og inkubatorprogram er mogne for å søke fyrst etter ein sesong med testproduksjon.
  • Nasjonalt brukte Innovasjon Norge kroner 5,7 mill. kroner per år i 2020-21 for å stimulere til auka småskala grønnsaksproduksjon (marknadshagar), samt småskaladrift av frukt og bær.
  • Ordninga i Innovasjon Norge for støtte til småskala grønsaksproduksjon, samt frukt og bær, er ein del av ei stimuleringsordning for auka norsk frukt-/bær- og grøntproduksjon. Oppstartsåret for denne ordninga var 2020, med løfte om vidareføring etter jordbruksforhandlingane i 2022.