Tilskot til klimarådgjeving vert fornya
Tilskot til klimarådgjeving skal snart få eige søknadsskjema utanfor RMP-tilskota. Tilskotet vil bli utbetalt raskare enn tidlegare.
Dei som har søkt om tilskotet gjennom RMP kan få tilskot til ny rådgjeving. Tilskotet har si eiga side der det fortløpande vil komme informasjon og etter kvart søknadsskjema: Tilskudd til klimarådgiving - Landbruksdirektoratet. Søknadsportalen opnar truleg i juni 2026.
Det er Statsforvaltaren som handsamar søknaden, men kommunen kan hjelpe deg om du har spørsmål.
Kven kan søkje?
For å få tilskot til klimarådgjeving må du ha
- eit jordbruksføretak som fyller vilkåra for å motta produksjonstilskot og avløysartilskot.
- fått klimarådgjeving til eigen jordbruksproduksjon. Klimarådgjevaren sitt opplegg skal vere godkjent av Landbruksdirektoratet for at du kan få tilskot.
- fått laga ein plan for tiltak i løpet av rådgjevinga. Planen skal innehalde tiltak både for å redusere klimautsleppa frå føretaket ditt og tiltak som gjer drifta di meir rusta i møte med klimaendringane.
Du treng ikkje leggje tiltaksplanen ved søknaden, men du må kunne vise den fram ved ein eventuell kontroll. I søknadsskjemaet skal du fylle inn ulike opplysningar frå tiltaksplanen.
Når kan du søkje?
Du kan søkje om tilskot straks du har gjennomført rådgjevinga, og seinast innan eit år etter at du fekk klimarådgjeving.
Kan eg få tilskot til klimarådgjeving fleire gonger?
Det må gå tre år mellom kvar gong du kan få tilskotet, men det er nokre unntak:
- Om du har fått tilskot til klimarådgjeving gjennom RMP treng du ikkje vente tre år før du får tilskot til ny klimarådgjeving.
- Om du har lagt om til ein annan produksjon enn du fekk klimarådgjeving for, eller om du har hatt ei omfattande omlegging til andre driftsmetodar, kan du søkje på nytt før det har gått tre år.
- Om du har fleire produksjonar og berre fekk klimarådgjeving for nokre av produksjonane i førre runde kan du få tilskot til klimarådgjeving for dei andre produksjonane før det har gått tre år.
Klimarådgjeving kan gje betre drift
Klimarådgjeving vil gje eit heilskapleg bilete av produksjonen og vise kvar du bør justere for å redusere tap. Det gjeld alt frå klimagassar og næringsstoff, til avling, yting, innsatsfaktorar og betre timing av viktige arbeidstrinn og tiltak. Dette kan vere til god hjelp for framtidige prioriteringar, både inne og ute, og gje føretaket betre resultat. Den agronomisk beste drifta er best for klimaet.