Ny nettside om klimatiltak i jordbruket

Jordbruket i Vestland har lansert ei ny nettside om klimatiltak i jordbruket. Det er prosjektet Redusert klimaavtrykk frå vestlandsjordbruket som står bak nettsida.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.06.2022

Det er eit samla jordbruk i Vestland som står bak prosjektet. Målet med prosjektet er å gjere bøndene i Vestland i stand til å redusere klimaavtrykket frå matproduksjonen utan at det går ut over produksjon, arealutnytting, dyrevelferd og dyrehelse.

Nettsida om prosjektet finn du her: Redusert klimaavtrykk frå vestlandsjordbruket (klimavest.no)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.