Klimakunnskap og klimaløysningar i landbruket

Det er i gang mykje forsking og arbeid for å redusere klimagassutsleppa i landbruket. Deltakarane fekk god informasjon om dette då bondelaget inviterte til webinar om nye klimaløysningar og ny klimakunnskap i næringa 6. desember.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.12.2021

Innan 2030 skal landbruket redusere klimagassutsleppa og auke karbonopptaket i jord med 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Det kjem jamleg ny kunnskap om korleis landbruket kan innfri jordbruket sin klimaavtale, utan å svekke norsk matproduksjon.

Ein bonde som driv jorda godt og optimaliserer drifta, driv også klimavennleg

Laila Ass, som mellom anna forskar på ammekuproduksjon, trekte fram at om ein driv ammekuproduksjonen optimalt, vil den vere klimavennleg. Ho kom inn på tidspunkt for kalving, kalvingsintervall, stell av kalven og oppdrett av ungdyret som eksempel på korleis ein kan påverke effektivitet, og dermed kor klimavennleg drifta er. Utrekningar, basert på tall frå Storfekjøttkontrollen, viser at det er stor variasjon mellom gardar, og at det difor er potensiale for å optimalisere produksjonen og slik redusere utsleppa.

Agronomiske tiltak for å få til god avling påverkar kor godt ein driv og dermed kor mykje utslepp ein produserer på garden. Lillian Øygarden synte at NIBIO har i gang mange prosjekt som er relevante for å gjere tiltak på gardsnivå. Drenering, jordpakking og fangvekstar er eksempel på slike tiltak. NIBIO si forsking dannar eit viktig grunnlag for å få norske tal i det nasjonale klimaregnskapet. Per i dag manglar det mykje på dette området.

Betre surfôrkvalitet gjev lågare metangassutslepp, sa Kim Wiggo Paulsen Weiby frå TINE. Metangass vert danna naturleg i vomma, og fiberrike råvarer gjev meir metan. Tidleg hausta grovfôr, med mindre fiber, vil gje mindre metangass. Han fortalte også at det vert forska mykje på tilsettingsstoff i fôr som kan gje mindre metanutslepp. Mellom anna nemnde han Bovaer – 3 NOP og makroalgar som lovande. Det er truleg at nokre av desse tilsettingsstoffa vil kome på marknaden i Norge innan eit par år.

Dette er noko av det som vart presentert på webinaret, men det var også presentasjonar om biokol, el- og biogasstraktorar og sesongvarsling.

Fekk du ikkje med deg webinaret, kan du sjå det på Youtube.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.