Nasjonal jordvernpris for bruk av overskotsmassar i landbruket

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad med mottakarane av Nasjonal jordvernpris 2021; ordførarar Per Lerøy og Sara Sekkingstad i høvesvis Austrheim og Alver kommunar, og dagleg leiar Liv Lyngstad i Norsk Landbruksrådgiving Vest.
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad med mottakarane av Nasjonal jordvernpris 2021; ordførarar Per Lerøy og Sara Sekkingstad i høvesvis Austrheim og Alver kommunar, og dagleg leiar Liv Lyngstad i Norsk Landbruksrådgiving Vest. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

Kommunane Alver og Austrheim fekk den nasjonale jordvernprisen for 2021, saman med Norsk Landbruksrådgiving Vest. Prisen fekk dei for utvikling av metodikk der overskotsmassar frå utbygging går til jordbruksføremål.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.01.2022

Prisen vart delt ut på gardsbruket til bonde Magnar Askeland, som har vore sentral initiativtakar og deltakar i utviklingsprosjekta sidan 2013.

– Vinnarane har gjort eit grundig og godt arbeid der dei har arbeidd fram ein god modell, prosedyrar og rettleiing for små og mellomstore anleggsprosjekt, som kommunar og andre regionar kan få god nytte av, sa landbruks- og matminister Olaug Bollestad, som delte ut prisen. Juryen til jordvernprisen la særleg vekt på at arbeidet har ført til betydelege resultat, at det bidreg til at matjorda vert sett på som ein ressurs, og at omsynet til miljø og biologisk mangfald vert ivareteke. Dei siste åra har dei vore involvert i planar for betring av nærare 2000 dekar.

Bruk av massar er jordvern

Den nasjonale jordvernprisen skal bidra til å auke merksemda om jordvernet, særleg i kommunane og fylkeskommunane, og få fram gode idear og døme på tiltak, planar og strategiar. Oftast vil dette dreie seg om å unngå omdisponering av jordbruksareal, men når dette er uunngåeleg bør massar og jord koma konstruktivt til nytte i staden for å bli lagt i ubrukelege deponi.

Statsforvaltaren har sett det positivt at denne bruken er kompenserande. Det betyr at når vi MÅ ta jordbruksland, så «bygger vi nytt». Å utvikle dei jordbruksareala vi har, og å setje ein faktisk pris på dei, er eit bidrag til jordvernet. Dersom prisen for å omdisponere eksisterande jordbruksareal vert lik kostnaden ved å nytte massane til «bygging» av ny jord, så er det også jordvern. Dette gir kommunane nye verktøy i planarbeidet, som gjer at dei t.d. kan stille vilkår til byggeprosjekt, noko som vil få konsekvensar for jordvernet i kommunane i framtida.

Langsiktig arbeid sidan 2013

Med utgangspunkt i overskot på massar i regionen, og interesse frå lokale bønder til å nytte dette til utbetring av jordbruksareal, starta kommunane eit eige prosjekt for kommunal sakshandsaming og rådgjeving i slike saker, samstundes som Landbruksrådgivinga starta eit prosjekt for utvikling av praktisk metodikk og samarbeid mellom entreprenørar og bønder. Til saman har desse prosjekta resultert i ei «verktøykasse» i form av handbøker og avtaleverk for gardbrukarar, entreprenørar og kommunal sakshandsaming (lenke til høgre), samstundes som det har sett Landbruksrådgivinga i stand til å levere rådgjeving og prosjektering som «hyllevare».

Statsforvaltaren meinte i sin nominasjon av kandidatane at dette bør stå som modell for andre regionar: Om planleggings- og byggetakta held fram, kan ein utan nemneverdig overdriving seie at «ein bygger moderne landbruksjord fortare enn kommunane klarer å omdisponere den gamle».

Nytt jordvernmål mot 2025

Regjeringa har oppdatert jordvernstrategien frå 2015, med nye tiltak og eit styrka jordvernmål, der den årlege omdisponeringa av dyrka jord no skal reduserast til 3 000 dekar innan 2025. I Vestland fylke var ein ikkje så langt unna å klare «sin del» av det førre målet på 4 000 dekar i den førre 5-årsperioden, og truleg vil prisvinnarane sin metodikk, og dei lokalpolitiske konsekvensane av at denne vinn fram bidra til utviklinga også mot det nye målet for 2025.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.