Kommunen sitt ansvar for matjorda

Godt avslutta jordtipp frå Meland i Vestland
Godt avslutta jordtipp frå Meland i Vestland Foto: Jordmasseprosjektet/Alver kommune.

Ny nasjonal jordvernstrategi stiller krav til kommunane, som har ansvar for enkeltsaker. Kva kan kommunen gjere?

Publisert 17.06.2022

Statsforvaltaren i Vestland peikar i brev 07.06.22 på kommunane sitt ansvar for ny, nasjonal jordvernstrategi og jordvernmål, som oppfølging av LMD og KDD sitt jordvernbrev i mars.

Bevaring av dyrka jord er ei nasjonal interesse, men avgjerda i enkeltsaker ligg oftast hjå kommunane. Kommunane er såleis forvaltarar av den nasjonale jordvernpolitikken og det nasjonale jordvernmålet, og summen av kommunane sine prioriteringar blir resultatet. Samstundes er det å «stille areal til rådvelde» noko av det viktigaste kommunar og lokalpolitikarar gjer i nærings- og samfunnsutviklinga. Dette er eit dilemma kommunane og politikarane må ha høg merksemd på.

Ikkje minst gjeld dette i Vestland, som med eit samla "overforbruk" på 25 % (91 daa/år) diverre ikkje bidrog til at Norge nådde jordvernmålet for 2019. 70 % av omdisponeringa etter Plan- og bygningslova (PBL) har gått til bruksområde som kommunen rår over. Over halvparten (38 %) har vore bustad på dyrka mark, noko vi bør minimalisere til det absolutt naudsynte. Samferdsle har vore det nest største føremålet, med drygt 23 %.

Kva kan kommunen gjera?

Det viktigaste kommunen kan gjera for å ivareta jordvernsansvaret sitt, er å budsjettere og hushaldere med jordbruksarealet sitt, i kommuneplan og i arealrekneskap. Elles blir jordvernet, trass gode ønske i kommuneplanen, i praksis redusert til eit spørsmål om å vege samfunnsinteresser mot kvarandre i enkeltsaker.

Statsforvaltaren viser i brevet særleg til følgjande verktøy:

  1. kommunale jordvernstrategiar og jordvernmål, gjerne med midlar utlyst frå Landbruksdirektoratet, med søknadsfrist 30. juni
  2. jordvern i arealstrategi og arealrekneskap i kommuneplanprosessen, td. som skildra i ny rettleiar frå Rogaland, tilpassa både tett- og spreidtbygde område

Sist, men ikkje minst, peikar Statsforvaltaren på moglege synergieffektar mellom utbygging, massedeponi og nytting av overskotsmassar til betring av jordbruksareal, td. etter metodikk utvikla av kommunane Alver og Austrheim og Norsk Landbruksrådgiving Vest (NLR). Dette fekk dei Nasjonal jordvernpris for i 2021.

Tal for omdisponering av jordbruksareal i kommunar i Vestland

Tabellen i brevet frå Statsforvaltaren til kommunane, sjå vedlegg (SFVL/Kostra) illustrerer korleis kommunane har forvalta jordbruksarealet dei siste 7 åra, inkludert resultat i høve førre jordvernmål på 4.000 daa/år innan 2019, og nytt jordvernmål på 3.000 daa/år innan 2025.

Den relative delen av nasjonalt jordvernmål er kun ein funksjon av jordbruksarealet i kommunen, sett i høve til nasjonen. Nokre kommunar burde setje seg enno strengare mål, og gjerne erklære seg arealnøytrale, medan presskommunar og samferdslekommunar gjerne vil trenge litt meir. Det viktigaste er at kommunane tek ansvar og budsjetterer med ein avgrensa ressurs, på line med det dei gjer med pengane i kommunebudsjettet, ved å ta jordvernet sterkare inn i planarbeid og sakshandsaming.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.