Vêrprognose fire veker fram i tid
Mange bønder i Vestland får i dag tilsendt gratis vêrprognosar kvar veke. Dette kan vere eit godt hjelpemiddel i planlegging av arbeid gjennom vekstsesongen.
Vêrprognosen er framstilt på eit kart som viser sannsynleg avvik frå normalen fire veker fram i tid. Dømet under viser prognosen som kom 17. april. Her ser vi at Vestlandet truleg får det varmare enn normalt, og at dette er svært sannsynleg for veke 17. Det er eit tilsvarande kart for nedbør.
Ønsker du denne vêrprognosen på e-post, kan du melde deg på her.

Kvar fredag i vekstsesongen blir det sendt e-post med oppdaterte prognosar for fire veker med forklaring på korleis dei skal tolkast.
Det tek litt tid å lære seg å forstå desse karta, og at dette er basert på sannsynleg framskriving av dei store vêrsystema. Mange bønder brukar dette som eit hjelpemiddel for å avgjere t.d. rett tid for gjødsling og slått.
Dette arbeidet skjer i regi av Climate Futures som er eit senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Dei utviklar metodar for framskriving av klima for å kunne handtere klimarisiko i ulike næringar – mellom anna i landbruksnæringa. NLR, Bondelaget og Statsforvaltaren er tre av mange partnarar i dette senteret. Klikk her for meir informasjon om SFI-en og klimavarsling.
Innanfor landbruksnæringa har ein lagt vekt på å utvikle langtidsprognosar som kan hjelpe bønder med å gjere gode val i møte med eit klima i endring.
Spørsmål knytt til prognosen rettast til Manuel Hempel i NORCE: mahe@norceresearch.no