Nye småskala grøntprodusentar i Kvam

Det har etablert seg fleire småskala grønsaksprodusentar i Kvam herad det siste året. Hotell og privatkundar får kjøpt grønsaker frå Kjøkkenhagen på Rykkje i Øystese og frå Hauane hagebruk på Ljones i Tørvikbygd. 

Publisert 26.07.2022

Hauane gard - Ljones

Kjøkkenhagen på Rykkje

 

Hauane gard på Ljones

 

Gunnar og Sigrid Karin Dolve på Ljones driv med småskala grønsaksproduksjon på andre året. Dei har om lag 4 dekar potet og 3 dekar grønsaker. Dei nyttar traktor for å pløge, harve og legge opp bed dekt med plastikkduk kvart år. Plasten slepp ikkje gjennom ljos og hemmar ugraset i dei langvarige kulturane (spesielt kål), men potet og gulrøtter blir hyppa og ugrasluka til riset dekker til ugraset.
Gunnar og Sigrid Karin Dolve på Ljones driv med småskala grønsaksproduksjon på andre året. Dei har om lag 4 dekar potet og 3 dekar grønsaker. Dei nyttar traktor for å pløge, harve og legge opp bed dekt med plastikkduk kvart år. Plasten slepp ikkje gjennom ljos og hemmar ugraset i dei langvarige kulturane (spesielt kål), men potet og gulrøtter blir hyppa og ugrasluka til riset dekker til ugraset. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

 

I år har Dolve fått leveringsavtaler med dei tre hotella i Fjordtind hotels (Hardangerfjord, Brakanes og Vøringsfossen). Lauk, potet og raudbete er nokre av dei kulturane hotella har bedt om for levering til seinsommaren. Dei deltek óg på REKO-ringane mellom Kvam og Bergen. Nytt av i år er at dei vil prøve vegsal frå hovudvegen gjennom Ljones.
I år har Dolve fått leveringsavtaler med dei tre hotella i Fjordtind hotels (Hardangerfjord, Brakanes og Vøringsfossen). Lauk, potet og raudbete er nokre av dei kulturane hotella har bedt om for levering til seinsommaren. Dei deltek óg på REKO-ringane mellom Kvam og Bergen. Nytt av i år er at dei vil prøve vegsal frå hovudvegen gjennom Ljones. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

 

Dei er framleis i oppbyggingsfasen og planlegg å sette i stand kjølerom, og har oppalsrom og lager i delar av det gamle sauefjøset. I år sette dei opp eit mindre drivhus til oppalsplantene og har nokre frå drivhuskulturar (tomat, agurk, chili etc.).
Dei er framleis i oppbyggingsfasen og planlegg å sette i stand kjølerom, og har oppalsrom og lager i delar av det gamle sauefjøset. I år sette dei opp eit mindre drivhus til oppalsplantene og har nokre frå drivhuskulturar (tomat, agurk, chili etc.). Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

 

På Hauane gard har dei nytta alle den gode jorda som ligg nærast gardstunet. Teigane har vorte gjerda inn med hjortegjerde, med støtte frå det kommunale viltfondet.
På Hauane gard har dei nytta alle den gode jorda som ligg nærast gardstunet. Teigane har vorte gjerda inn med hjortegjerde, med støtte frå det kommunale viltfondet. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

 

På Hauane gard har dei nytta alle den gode jorda som ligg nærast gardstunet. Teigane har vorte gjerda inn med hjortegjerde, med støtte frå det kommunale viltfondet.
På Hauane gard har dei nytta alle den gode jorda som ligg nærast gardstunet. Teigane har vorte gjerda inn med hjortegjerde, med støtte frå det kommunale viltfondet. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

Dolve la om delar av jorda til grønsaksproduksjon, etter at dei vart tvunge til å legge ned pelsdyrproduksjonen sin. Dei har fått omstillingsmidlar frå Innovasjon Norge og vil satse på småskala grønsaksproduksjon, som ei framtidig næring på garden. Dei jobbar begge utanom garden og produksjonen kan ikkje bli for stor, skal dei rekke over grønsaksproduksjonen og halde kvaliteten i produkta.

Les meir og sjå oppdaterte bilete på:

Hauane gard på facebook

 

 

Kjøkkenhagen på Rykkje

 

Grasklypp dekker jorda mellom radene med lauk på Kjøkkenhagen på Rykkje i Øystese. Dei ulike lauk-sortane har Tone Søndmør bestilling på frå Fjordtind hotels og ei turisthytte på Hardangervidda. Søndmør vil selge eit eventuelt overskot frå produksjonen på eit vegsal, i samarbeid med ei som allereie har eit vegsal i Norheimsund.
Grasklypp dekker jorda mellom radene med lauk på Kjøkkenhagen på Rykkje i Øystese. Dei ulike lauk-sortane har Tone Søndmør bestilling på frå Fjordtind hotels og ei turisthytte på Hardangervidda. Søndmør vil selge eit eventuelt overskot frå produksjonen på eit vegsal, i samarbeid med ei som allereie har eit vegsal i Norheimsund. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

 

Søndmør og mannen kjøpte garden for om lag tre år sidan. Dei leiger ut beitene og engareala til slått, men har halde att om lag to dekar ovanfor garden til grønsaksproduksjon. Dei har i år starta med å utvide produksjonen med eit frukt-og bærfelt.
Søndmør og mannen kjøpte garden for om lag tre år sidan. Dei leiger ut beitene og engareala til slått, men har halde att om lag to dekar ovanfor garden til grønsaksproduksjon. Dei har i år starta med å utvide produksjonen med eit frukt-og bærfelt. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

 

Dei har ein enkel flyttbar tunnell, og i tillegg har dei sett opp ein heimesnekra drivhus i vår. I haust skal dei lage eit kombinert pakkerom og oppalsrom for planter i den gamle låvedelen nærast grønsaksfelta.
Dei har ein enkel flyttbar tunnell, og i tillegg har dei sett opp ein heimesnekra drivhus i vår. I haust skal dei lage eit kombinert pakkerom og oppalsrom for planter i den gamle låvedelen nærast grønsaksfelta. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

 

Søndmør dyrkar eit mangfald av grønsakskulturar, med mål om å fylle heile vekstsesongen frå juni-oktober med grønsaker til kundane. Ho har anlagt dyrkingssengane som faste bed, som berre skal løsnast med ein såkalla breidgreip.
Søndmør dyrkar eit mangfald av grønsakskulturar, med mål om å fylle heile vekstsesongen frå juni-oktober med grønsaker til kundane. Ho har anlagt dyrkingssengane som faste bed, som berre skal løsnast med ein såkalla breidgreip. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

 

Det er viktig å halde ugraset vekke i produksjonen. Søndmør nyttar både ull i dei langvarige kulturane (kålvekstene), men nyttar óg vevd plastduk (mypex) på for eksempel salaten, som bør vere fri for jordsprut.
Det er viktig å halde ugraset vekke i produksjonen. Søndmør nyttar både ull i dei langvarige kulturane (kålvekstene), men nyttar óg vevd plastduk (mypex) på for eksempel salaten, som bør vere fri for jordsprut. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

 

Målet for Tone Søndmør er å kunne tilby produkt til kundane sine heile året. Ho leiger plass i eit drivhus for å dyrke chili, som ho skal vidareforelde til ulike sausar. I vinter har Søndmør og mannen  innreidd eit mindre foredlingslokale i bustaden deia, slik at ho kan selje urtesalt, sausar og andre produkt i lag med grønsakene.
Målet for Tone Søndmør er å kunne tilby produkt til kundane sine heile året. Ho leiger plass i eit drivhus for å dyrke chili, som ho skal vidareforelde til ulike sausar. I vinter har Søndmør og mannen innreidd eit mindre foredlingslokale i bustaden deia, slik at ho kan selje urtesalt, sausar og andre produkt i lag med grønsakene. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

 

Les meir om produksjonen og få oppdaterte bilete på: 

Kjøkkenhagen på Rykkje på Facebook

Instagram: @kjokkenhagenparykkje

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.