Tar tempen på beitebruken i Nordfjella

Vestlandsk fjordfe på stølsbeite i Låvisdalen i Aurland kommune
Vestlandsk fjordfe på stølsbeite i Låvisdalen i Aurland kommune. Foto: Mary Ueland, SFVL.

Tidleg i juli var rådgjevarar frå landbruksavdelinga på studietur til villreinområdet Nordfjella. Der møtte me beitebrukarar med ulike produksjonar og fekk sjå og høyre korleis det er å ha dyr på beite i område med skrantesjuke på villrein.

Publisert 09.10.2023

Villreinområdet Nordfjella

Nordfjella er fjellområdet som strekk seg frå Hardangervidda til Jotunheimen, avgrensa av Hallingdal i aust og Sognefjorden i vest. I Nordfjella er det fem beitelag frå Vestland og seks beitelag frå Oslo og Viken som årleg slepp om lag 45 000 sau og lam, 3000 geit og 1300 storfe. Området er prega av vasskraftutbygging med mange dammar og stort vegnett. Nordfjella vert i villreinsamanheng hovudsakleg delt inn i to soner; sone 1 som er området nord for fjellovergangen Hol – Aurland (fv. 50), og sone 2 som er Hallingskarvområdet mellom Bergensbana i sør og fylkesveg 50 i nord.

Villrein

Villreinen er eit hjortedyr som hovudsakleg held til i høgfjellet. Den vert ofte kalla fjellets nomade på grunn av måten den nyttar leveområdet sitt på, ved å flytte seg mellom dei best tilpassa beiteområda i løpet av året. Opphavleg bestod villreinfjella i Noreg av fire store regionar med mykje utveksling av dyr. Men etter ei enorm veg-, kraft- og hytteutbygging, er det no 24 meir eller mindre fråskilde villreinområde på fastlandet i Noreg. Meir enn 90 prosent av vill tundrarein i Europa finst i Noreg, og det gjev oss eit særleg ansvar for å ta vare på arten.

I 2022 gjorde Norsk institutt for naturforskning (NINA) ei klassifisering av ti av dei nasjonale villreinområda. Undersøkinga viste at seks av områda, deriblant Nordfjella, vart klassifisert til dårleg tilstand. Det har ført til eit pågåande arbeid med å utforma tiltaksplanar for desse villreinområda.

Skrantesjuka

Skrantesjuke (Chronic Wasting Disease – CWD), er ein smittsam prionsjukdom med dødeleg utgang. Sjukdomen går på hjortedyr, og dyra viser gjennom sjukdomsforløpet symptom som vekttap, ukontrollerte rørsler og skjelvingar, før dei seint i forløpet viser tydelege nevrologiske symptom.

På seinvinteren 2016 vart det påvist skrantesjuke på ei villreinsimle i Nordfjella. Dette var det fyrste kjende tilfellet av sjukdommen i Europa. For å hindre spreiing til andre ville og tamme hjortedyr, vart bestanden skoten ned og området sanert. Fylkesveg 50, som skil sone 1 og 2, hindrar ferdsel mellom sonene. Det var berre bestanden i sone 1 som vart sanert i løpet av vinteren 2018. I sone 2 vert bestanden halden på eit lågt nivå.

I 2017 kom Forskrift om soner ved påvisning av Chronic Wasting Disease (CWD-sone), som har som formål å begrense spreiing av skrantesjuka mellom og til hjortedyr. Forskrifta gjeld for kommunane rundt Nordfjella, og har vore eit styrande dokument for beitebrukarane med blant anna utforming og bruk av salteplassar og forbod mot nye gjestebeitarar.

Beitebrukarar som har ekstra kostnader som følgje av CWD-tiltak, kan hjå Statsforvaltaren i Oslo og Viken søkje om tilskot til å dekkje dette. Dette tiltaket har frå hausten av fått ein eigen søknad hjå Landbruksdirektoratet og heiter Tilskot til CWD-tiltak . Dette gjeld òg for beitebrukarar på Hardangervidda.

Jordprøvar kring nokre salteplassar synte ei opphoping av smittestoff i jordsmonnet rundt og det vart satt i gang saneringstiltak med inngjerding og tildekking av etablerte salteplassar. I dag har beitebrukarane lov til å salte dyra med salteinnretningar som samlar opp og hindrar avrenning til jordsmonnet rundt. Det er i tillegg krav til at dei skal flyttast og nyttast slik at det ikkje vert opptrakka jord rundt salteplassen.

Ei framtidsnæring med djupe røter i fortida

Beitebrukarane vi besøkte tok villig i mot oss og delte av sin kunnskap og erfaring om både beitedyr, villrein, jakt og livet i fjellet. Vi fekk ein god runde med besøk, og nådde innom bønder i både Aurland, Ål, Hemsedal og Lærdal kommune. Vi fekk sjå både storfe, sau og geit på utmarksbeite, fekk gode faglege diskusjonar, og mykje fagleg påfyll.

Felles for dei me besøkte er at tradisjonen med utmarksbeite, stølsdrift og jakt ligg djupt, men at det vert fleire og fleire interesser som krev plass i fjellområdet. Beitenæringa er ei engasjert og dyktig næring, som er raske til å omstilla seg når det kjem nye retningslinjer, noko dei har fått kjend på i desse åra etter at skrantesjuka vart påvist.

Vi har møtt folk som har vore i villreinforvaltninga i mange tiår. Dei kan fortelja detaljert om korleis fjella såg ut då tusenvis av rein frå Hardangervidda vandra over grensene og snaubeita fjella for lav så kraftig at det tok mange år før det vart bygd opp igjen.

Etter rundturen i Nordfjella sit vi att med nye bekjentskap og mykje ny kunnskap. Det er fint å koma seg ut for å treffa folk og å sjå nye stader. Tusen takk til alle som tok oss godt i mot!

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.