Organisert beitebruk i Vestland 2023

To sauer på fjellbeite i blåbærlyng. Sol fra blå og lettskya himmel.
Sau på fjellbeite Foto: Martin Søgnen, SFVL.

Med ein tørr start og våt slutt mange stader har sesongen vore varierande i fylket. Mykje nedbør gjev somme stader ein lang sesong med gode beite, medan det i andre område vert utrivelege høve for dyra. Her kjem eit samandrag frå årets rapportar frå beitelaga i Vestland.

Publisert 11.04.2024

Beitenæringa i Vestland viser seg å vera aktiv og engasjert. Det er totalt 205 beitelag som har søkt om driftstilskot, og desse representerer omtrent 2600 beitebrukarar som slepp dyr i utmarka. Til saman vart det sleppt i underkant av 300 000 beitedyr i beitelag. Det er ei auke i tal storfe og geit, og ein nedgang i tal sau og lam.

På landsbasis vart det sleppt nærmare 1,4 millionar beitedyr gjennom organisert beitebruk. Dette er ein nedgang på 50 000 dyr frå året før, men totalt tal er omtrent likt som i 2021. Av totalt sleppte dyr nasjonalt er 21 % heimehøyrande i Vestland. Det er berre Innlandet som har fleire dyr i organisert beitebruk. På tapsstatistikken kjem fylket også godt ut, der gjennomsnittleg lammetap i landet var 6,8 %, medan Vestland hadde eit tap på 5,2 %.

Beitelag i heile fylket har rapportert om ein tørr start kombinert med ein særs våt sommar. Den tørre våren gjorde at mange hadde seinare beiteslepp enn vanleg. Det blaute vêret gjorde også at det vart tidleg haust i fjellet, og dyr trakk heim før planlagt sanking. Tomme område gjer at dyra vandrar langt, og det gjev mykje arbeid og lange turar for tilsyn og sanking.

I tidlegare Hordaland viser tilbakemeldingane at sesongen har vore normal til god, men mange har høgare tap enn året før. Beitet har vore greitt, mykje fine lam, men nokre dyr måtte sluttfôrast. I tidlegare Sogn og Fjordane har mange hatt ein grei sesong med lågare tap enn tidlegare. Heilt nord har sesongen vore krevjande for fleire, med forsvunne dyr, låge vekter og spreiing i flokken. I indre strøk vert det rapportert om besetningar med auka tap, utan dokumentert årsak.

Mange lag melder om observasjonar av ørn, og mistenker mykje tap til ørn og rev, spesielt tidleg i sesongen. Elles er det ein del flugemakk og flåttborne sjukdommar, og noko skårfeste, ulukker og dokumentert jerveskade. Det er delte meiningar om turgåarar i beiteområda; nokre får god hjelp og tilbakemelding om sjuke og skada dyr, medan andre opplever at turgåarar lagar uro og problem.

Det er som alltid store variasjonar mellom buskapar, beitelag og område. Det er også utfordrande å dokumentere tapsårsak når mange av kadavera ikkje vert funne. Stadig fleire nyttar elektronisk sporingsutstyr, og har god hjelp av dette gjennom sesongen.

Mange lag har eit ønske om auka rekruttering, og det ser vi som svært positivt. For dei som har dyr i område med påvist skrantesjuke på villrein, Nordfjella og på Hardangervidda, er manglande rekruttering eit stort problem. I følgje CWD-soneforskrifta er det ikkje tillate med nye gjestebeitarar (besetningar som ikkje er heimehøyrande i områda), i frykt for å spreie skrantesjuka. I 2023 har det blitt utarbeida tiltaksplanar for fleire nasjonale villreinområde, deriblant Nordfjella og Hardangervidda. Per no har det ikkje blitt foreslått store tiltak som vil sette nye avgrensingar for landbruk og beitenæring, men det vil ta tid før vi veit kva tiltak som skal tre i kraft.

Det meldast om godt samarbeid i laga, og det vert gjort mykje godt arbeid.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.